Sjå video frå 8. mai-markeringa i Sør-Fron

Det vart lagt ned krans ved minnestøtta over Bjarne Lien. Bjørn K. Sletten Laurdag vart frigjerings- og veterandagen markert med kransnedlegging og medaljeutdeling ved Sør-Fron kyrkje. 

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon.

Ordførar Ole Tvete Muriteigen heldt tale ved minnestøtta over Bjarne Lien, sørfrøningen som fall for Noreg i kamp mot invasjonsmakta i aprildagane i 1940.

Sjå video nederst i saken.

Lien vart tradisjonen tru på 8. mai, heidra med minneord og kransenedlegging. 

John Kjortsda vart tildelt medalje for deltaking i internasjonale operasjonar. Bjørn K. Sletten   Veteran John Kjorstad frå Sør-Fron vart tildelt medalje for sin innsats og deltaking i internasjonale operasjonar:

Kjorstad har deltatt i 2 kontigentar i SFOR og ein kontingent i United Nations Preventive Deployment Force.

SFOR (Stabilization Force var ein NATO-leia fredsbevarande styrke som vart sett inn i Bosnia-Hercegovina etter krigen i Bosnia for å observere at partane etterkom Dayton-avtalen. Operasjonen hadde kodenamn Joint Guard, og varte frå 21. desember 1996 til 19. juni 1998.

UNPREDEP, var ei fredsbevarande FN-styrke oppretta 31. mars 1995 av FNs sikkerhetsråd ved resolusjon 983. Styrken skulle bidra til å sikre Republikken Makedonias stabilitet og territorielle integritet ved å overvake landets grenser, særleg mot Albania og Jugoslavia. Operasjonen var i aktivitet til 28. februar 1999.

Hundorp musikklag deltok med musikalske bidrag. 

Her kan du sjå video frå markeringa: