Skulane i Sør-Fron opnar att måndag 11. mai

dscn0693.jpgSkuleleiinga i Sør-Fron har bestemt at både barneskule og ungdomsskule opnar att måndag 11. april.  

dscn0693.jpgAvgjerda vart tatt torsdag kveld, etter regjeringa si pressekonferanse om gradvis gjenopning av samfunnet. 

Følgjande sms er torsdag kveld sendt ut til alle ungdomsskuleføresette i Sør-Fron:

Hei! Vi opnar Sør-Fron ungdomsskule for alle trinn måndag 11. mai! I samband med dette oppfordrar vi til å nytte minst mogleg kollektivtransport. Derfor ber vi om ei attendemelding frå dei som har ungdom som må nytte busskyss, som ikkje kjem seg på skulen på annan måte. Denne meldinga må sendast til kontaktlærar innan kl 12.00 i morgon fredag 8/5. Vi gler oss til å treffe elevane att, velkome alle saman! Mvh Eivind Lund, rektor Sør-Fron ungdomsskule.

Liknande sms er sendt frå barneskulane.

Sør-Fron kommune kjem attende med meir informasjon om skuleopninga i løpet av fredag 8. mai.