Smie med "någgå attåt"

Besøkssenter.jpeg - Klikk for stort bilde Tysdag var det offisiell opning av det nye besøkssenteret på Tveits smie. Der kan du blant anna sjå handverkarane i aksjon i smia.

Besøkssenter.jpeg - Klikk for stort bilde Bjørn Sletten Ordførar Ole T. Muriteigen stod for opningstala, mens det var dei to fyrste tilsette i Tveits smie, Jonny Falkenhaug og Nils Kristian Bergh, som klypte snora.

Ordføraren peikte på viljen til å ville realisere idear.

- Ein ting er det å vera "still going strong" etter så mange år, men de evnar også å fornye og å satse på nye konsept, sa ordføraren.

I det nye besøkssenteret kan publikum inne i butikken sjå rett inn i delar av smia, der dei tilsette er i sving med handverket.

- Det at vi alle nå kan få innsyn i det som skjer bak veggane i smia her, det syns eg er verkeleg spennande. Handelen er sjølvsagt det viktigaste, men når ein nå samtidig kan sjå inn her, kan ein altså oppleve kunstnarar i arbeid - for det er nettopp det det er, det er stor kunst, samtidig som det er viktige industriarbeidsplassar, sa Muriteigen. 

Hege Tveit.jpg - Klikk for stort bilde Ole T. Muriteigen

- Ein stor dag

For dei tilsette på Tveits smie var dagen i dag ein spesiell dag.

- Dette er ein stor dag for oss. Det har skjedd mykje med lokala våre i sommar. Vi har fått større plass og større vareutval. Dette har blitt ei smie med "någgå attåt", sa dagleg leiar i Tveit Smie, Hege Anita Tveit, under tysdagens offisielle opning av besøkssenteret.  

- Vi har valt å kalle det eit lite besøkssenter, fordi vi har veldig lyst til å dele både handverket, og historia vår med døkk, sa Tveit til dei frammøtte.

Publisert av Bjørn Kjellson Sletten. Sist endret 03.10.2017 17:23
Fant du det du lette etter?