Stolpejakta er i gang!

Augledalen.jpg - Klikk for stort bilde Med 50 stolpar plassert rundt omkring i kommunen er årets turmål-opplegg meir omfattande enn nokon gong. 

Ved eine brua i Augledalen kan du finne ein av dei 50 stolpane som er plassert ut.  - Klikk for stort bilde Gjennom samarbeid med Peer Gynt as har vi i år ikkje mindre enn 50 turmål, i form av stolpar frå Stolpejakten. 

Stolpejakten går ut på å finne stolpane som er plassert ut på fjelltoppar og i nærmiljø - registreringa skjer ved at ein skannar kodane på stolpen. Det betyr at turkorta vi tidlegare har hatt ikkje lenger vil bli brukt. Alt du treng å gjere er å registrere deg på stolpejakten.no. der kan du og legge inn familiemedlemar, slik at eit barn på fem år utan mobiltelefon også kan få registrert sine stolpar. 

Les meir her: Frå turmål til stolpejakt

Premieringa blir som tidlegare - det blir trekning mellom dei som har sanka flest stolpar eller turmål - og det blir premiering i ulike aldersgrupper.

Gi oss attendemelding!

Dersom du oppdagar at stolpane er fløtt på eller ikkje stemmer heilt overeins med koordinatane på kartet blir vi veldig glade om du seier frå!

Send da ein epost til kulturleiar Bjørn Sletten: bjorn.sletten@sor-fron.kommune. 

Kulturleiar Bjørn Sletten har vore med og sett ut stolpar rundt omkring i bygda.  - Klikk for stort bildeKulturleiar Bjørn Sletten har vore med og sett ut stolpar rundt omkring i bygda. Sør-Fron kommune

Stolpejakta i Sør-Fron startar 8. juli og varar heilt fram til 1. november. Du finn alt du treng av opplysningar for å komme i gang med stolpejakt, på stolpejakten.no.

I tillegg til at vi har behelde alle dei tidlegare turmåla våre (med unntak av Rundhø), har vi i år 10 nye turmål. Desse er plassert nærare sentrum på Harpefoss og Hundorp, gjerne i nærleiken av attraksjonar i kommunen vår.

 

Desse ti stolpane står på følgjande stader:

  • Hella ved Klokkarstranda
  • Flokk ved Sygard Grytting
  • Olavshaugen ved Dale-Gudbrands gard
  • Amfiet ved kommunehuset
  • Tarzanløypa på Flatmoen
  • Augledalen
  • Skurdalsåa
  • Pyntaberget
  • Rusten i Lia
  • Bergdal skule

Dei andre stolpane er plassert om lag der dei gamle turmåla var plassert.

Publisert av Bjørn Kjellson Sletten. Sist endret 03.07.2018 11:12
Fant du det du lette etter?