Stolpejakten 2019 er over - her er vinnarane!

Elgtårnet.jpg - Klikk for stort bilde Suksessen med Stolpejakten i Sør-Fron held fram. Aldri før har så mange vore ute på stolpejakt som i 2019!

Elgtårnet var ein av fleire nye populære stolpejaktpunkt i 2019. - Klikk for stort bildeElgtårnet var ein av fleire nye populære stolpejaktpunkt i 2019. Bjørn K. Sletten Sør-Fron kommune arrangerte i 2018 for fyrste gong Stolpejakt, i samarbeid med Peer Gynt as. Frå 2019 tok kommunen over ansvaret sjølve og i heile kommunen har det vore 50 stolpar utplasserte – med ulik vanskelegheitsgrad og tilgjengelegheit.

– Fjoråret var ein kjempesuksess, og totalt var 1243 stolpejegere med i jakta i Sør-Fron. Dei registrerte 11 729 besøk på stolpane. Årets tal syner oss at enda fleire har vore ute på tur i 2019! 1816 stolpejegegere har registrert seg, mange av dei med berre eitt eller to besøk på stolpane, men totalt er vi i 2019 oppe i 16206 registrerte besøk på dei 50 stolpane, seier ein fornøgd Bjørn K. Sletten, tenesteleiar for kultur og næring i Sør-Fron.   

Har du lyst til å komme deg ut på tur i nærmiljøet, men veit ikkje heilt kor du skal starte? Finn turkart, turtips og nyttige lenkar til fine turar i Sør-Fron her!

Frå eitt til 86 år

Kjønnsfordelinga er identisk som for fjoråret – og det er kvinnene som er flinkast til å kome seg ut på tur – av jegarane er det 902 kvinner (62%) og 553 menn (38%). Årets eldste deltakar er 86 år, mens heile åtte eittåringar også har vore med ut på tur. 50-åringane toppar statistikken, og hovudtyngda av stolpejegere finn vi også frå 40 til 60 år, men det er jamt fordelt over befolkninga aldersmessig. Mange barn og unge er med.

Ein fin sommar, og ein lang haust utan særleg snø, har gjort at besøket har helde seg heile perioden, sjølvsagt med tyngdepunktet frå oppstart fram til skulestart i midten av august. Det siste besøket vart registrert 31. oktober.

Topp og "botn"

Dei to mest besøkte stolpane i år er båe på Gålå: Brua på Peer Gynt arena (skistadion) toppar lista med 694 registrerte besøk, med friluftsscena ved Borgen på andreplass med 664 besøk. Amfiet ved kommunehuset, kanskje den aller lettaste stolpen, klatrar i år til ein tredjeplass med 654 registrerte besøk.

– I år som i fjor er Svartkampen den stolpen som har hatt færrast besøk – så er det også den tyngste og lengste turen. Totalt har 94 stolpejegere besøkt Svartkampen – 35 fleire enn året før, seier Sletten.

Her er vinnarane:

45 personar har tatt alle 50 stolpane. Mona Lillesæter var fyrst til 50 stolpar – allereie to veker etter at Stolpejakta var i gang.

Trekninga av vinnarar gjekk føre seg på møte i kommunens FYSAK-komité 4. november:

  • Vinnar av gåvekort på Sport 1 Vinstra: Mona Lillesæter
  • Vinnar av gåvekort på Sport 1 Ringebu: Reidun Hovden
  • Vinnar av billettar til «Peer Gynt» ved Gålåvatnet: Vebjørg Lien

I tillegg vart det trekt ein vinnar av eit gåvekort på Sport 1 Vinstra blant alle deltakarar under 18 år. Her vart Sofie Hamilton den heldige vinnaren. 

Mottakarar av gåvekort får dette tilsendt i posten i veke 47, mens vinnar av billettar til Peer Gynt sjølv må ta kontakt med Peer Gynt as v/Rita Skard Støstad, tlf 414 26 100.  


Publisert av Bjørn Kjellson Sletten. Sist endret 08.11.2019 09.11
Fant du det du lette etter?