Utlånet aukar - og planen er klar!

Henriette og Marit.jpg - Klikk for stort bilde Sør-Fron bibliotek kan vise til ei kraftig auke i utlån av bøker det siste året. Og nå er bibliotekplanen for 2018-2022 vedtatt av kommunestyret. 

Bibliotekar Henriette Haugli og biblioteksjef Marit Kamp Lie tek i mot stadig fleire lånarar på biblioteket på kommunehuset.  - Klikk for stort bildeBibliotekar Henriette Haugli og biblioteksjef Marit Kamp Lie tek i mot stadig fleire lånarar på biblioteket på kommunehuset. Bjørn Sletten Den siste tida har det vore fokus på bibliotektenestene i Gudbrandsdalen i regionale media. Sør-Fron kjem langt ned på statistikken når det gjeld opningstid og talet på tilsette - men det betyr ikkje at utlånet går ned.

- I 2017 gjekk utlånet opp med ca 1000 utlån på vaksenbøker og 1000 utlån på barne- og ungdomsbøker, så det er vi veldig godt nøgd med, fortel biblioteksjef Marit Kamp Lie. 

Ny e-bok-app

På utlåna av e-bøker låg biblioteket på 3. plass når det gjaldt utlån til barn og unge i heile Oppland i 2016. I 2017 ligg vi og høgt med 872 utlån (7. plass). I februar 2018 fekk biblioteket på plass ei enda betre mobilløysing, som gjer det enda enklare for brukarane å låne bøker. 

Her er biblioteket sine heimesider!

Sør-Fron bibliotek satsar aller mest på barn og unge, og har ei stor barne- og ungdomsavdeling med spennande lesekrokar, og svært godt utval av litteratur.

- Men barna er lettast å nå på skulen. Derfor satsa vi tungt på skulebibliotek i året som gjekk. Vi var på besøk annakvar veke på Harpefoss skule og Midtbygda skule. Dette for å bistå i samlingsutviklinga på skulen og bistå med veiledning og utlån til elevane dei dagane vi var der, fortel Lie.

Ny bibliotekplan

I kommunestyremøtet 20. februar vedtok politikarane i Sør-Fron ny bibliotekplan for åra 2018-2022. Planen fortel om kva som er satsingane framover, mellom anna auka digitalisering, lokale historiske utstillingar, ombygging og betre tilrettelegging i biblioteklokala og moglegheitene for såkalla meiropent bibliotek.  

Biblioteket har nå også fleire spennande prosjekt på gang, mellom anna knytt til digitalisering. 

I lov om folkebibliotek går det klart fram at biblioteket skal vera ein møteplass i lokalsamfunnet. Også her har vi gode velfungerande tiltak.

- «Strikkekafeen», som er eit samarbeid med sanitetsforeininga, har vorte fast kvar måndag kl 19-21 og er ein kjempesuksess. Det møter opp 15-20 stk kvar gong, fortel ein fornøgd biblioteksjef Marit Kamp Lie. 

Du kan og følgje biblioteket på Facebook.

Publisert av Bjørn Kjellson Sletten. Sist endret 05.03.2018 10:14
Fant du det du lette etter?