Utvida frist for søknad om kulturmidlar

Ill_skiga¦èer.jpg - Klikk for stort bilde  Siste frist for å søkje kulturmidlar i Sør-Fron kommune er onsdag 20. mars kl 24:00.

Illustrasjon: Åsne Flyen/Krible design - Klikk for stort bildeIllustrasjon: Åsne Flyen/Krible design Fristen for å søkje kulturmidlar frå Sør-Fron kommune gjekk ut 15. mars. Informasjon om søknad og frist har vore annonsert i GD og Dølen, på heimesidene våre, på Facebook og i informasjonsmagasinet Sørfrøningen.

Vi ser nå at nokre faste søkjarar ikkje har søkt i år, og går derfor ut med ei siste påminning om å søkje kulturmidlar for 2019. Fristen blir også utvida til kl 24:00 onsdag 20. mars. Dette er absolutt siste frist.

Alle dei som har søkt innan fristen, skal ha fått midlertidig svar frå kommunen om vidare saksgang og treng ikkje foreta seg noko meir.

Publisert av Bjørn Kjellson Sletten. Sist endret 18.03.2019 12.11
Fant du det du lette etter?