Verdig 8. mai-markering i Sør-Fron

8. mai 2019 minnestøtte.jpg - Klikk for stort bilde I Sør-Fron vart frigjering- og veterandagen 8. mai markert ved Harpefoss grendahus og ved kyrkja.

8. mai vart også markert ved Harpefoss grendahus.  - Klikk for stort bilde8. mai vart også markert ved Harpefoss grendahus. Ole Tvete Muriteigen

Den fyrste 8. mai-markeringa i kommunen fann stad ved grendahuset på Harpefoss, der elevar ved Harpefoss skule stod for arrangementet. 

- Det var fint å høyre Johannes Lunde fortelje frå mai-dagane i 1945. Han var da 12 år, og fortalte oss om heilt spesielle dagar det er komplett umogleg å forstå i dag, fortel ordførar Ole Tvete Muriteigen som var invitert til Harpefoss av skulelevane. 

- Spesielt fint var det å høre elevane fortelje om kva friheit var for dei. Friheit til å spele fotball, til å spele musikk, til å ta eigne valg, til å gå tur i skogen, og til å sleppe krig. Musikken var fin, og alle elevane var rett og slett kjempeflinke. Dette håper eg kan bli ein viktig tradisjon, seier Muriteigen. 

Kransenedlegging ved kyrkja

Ein annan viktig tradisjon er markeringa ved minnestøtta over Bjarne Lien ved Sør-Fron kyrkje. Lien var det einaste sørfrøningen som fall i kamp under andre verdskrigen. 

8. mai 2019 vart markert ved Sør-Fron kyrkje. - Klikk for stort bilde8. mai 2019 vart markert ved Sør-Fron kyrkje. Bjørn K. Sletten

- Vi må stadig passe på så vi ikkje snublar

 

Representantar for familie, forsvaret og forsvarsforeininga var til stades ved kyrkja. 

- 8. mai skal vi minnast alle som har gitt sitt liv for vår friheit, og vi skal minnast og heidre innsatsen til alle norske kvinner og menn som har gjort og gjer innsats for å verne fred og vårt demokrati – både heime og ute.
Dette gjeld mange frå Sør-Fron, og alle fortener ein varm takk frå oss alle.  Det er mellom anna sørfrøningar som får medalje for innsats i UNIFIL på Jørstadmoen i dag, sa ordførar Muriteigen i si tale før kransledlegginga. 

Bjarne Lien fekk mobiliseringsordre 10. april 1940 og meldte seg ved motormitraljøseeskadronen ved Opplandske Dragonregiment på Hamar. Etter å ha vorte hardt såra etter trefningar med tyskarane 19. april, vart Bjarne Lien brakt til eit feltsjukehus i Brumunddal, der han døydde same dag. Han vart 24 år gamal.

- Bjarne Lien fortener å bli hugsa for det ofret han gjorde, og vi andre har godt av å bli minna om, innimellom, at fridom har sin pris, sa Muriteigen i si tale.

Markeringa vart avslutta med eitt minutts stillheit. 

Publisert av Bjørn Kjellson Sletten. Sist endret 08.05.2019 14.09
Fant du det du lette etter?