– Vi saknar alt ved skulen: Venene våre, lærarar og skuletimane

DSC_2802.JPGSom andre familiar er óg familien Ahkras råka av korona-pandemien. Familien på sju bruker mykje tid heime i huset på Jensbakken - og ungane saknar skulen.

Tekst og foto: Ole Magnus Røen 

Familien Ahkras framfor heimen sin på Jensbakken. Mor Ghoussoun og far Mohamed, og borna Bassel 20 år, Fuad 18, Mariam 15, AbdulHay 9, og Zuheir 8 år gamal.I 2016 kom familien Ahkras som flyktningar frå Syria. Sør-Fron kommune tok imot dei, og på Jensbakken har familien på sju funne seg godt til rette.

Familien Ahkras rømte frå Syria og budde seks år i nabolandet Libanon før dei kom til Norge og Sør-Fron i 2016.

Flyktningkonsulent i Midtdalen, Anne Grethe Kolobekken, fortel at dette er ein familie som har funne seg godt til rette.

– Eg har inntrykk av at dette er ein positiv og oppegåande familie. Alle er blide og trivelege. Det er både hyggeleg og positivt å ha dei her i kommunen vår, seier Kolobekken.

Heimeskule

Som andre familiar er óg familien Ahkras råka av korona-pandemien. Skulane til barna er stengde, og det blir mykje tid heime i huset på Jensbakken.

Far Mohamed med dei to eldste sonene, Bassel og Fuad. Båe går på Vinstra vidaregåande skule.

Storebror Bassel fortel at dei har heimeskule, og det fungerer bra. 

– Alle har kontakt med lærarane på nett, og det går fint, synes Bassel.

Han fortel og at dei spelar på data, og ser filmar. På spørsmål om kva dei saknar mest, kjem svaret kjapt frå Bassel.

– Vi saknar alt ved skulen, venene våre, lærarar og skuletimane.

Les også: Ein heilt annleis skulekvardag

Mor og far er for tida ute i praksis for etter kvart å kome i arbeid. Båe er nå heime hos barna under krisa som har råka så mange. 

Mor Ghoussoun med dei minste borna, Mariam, AbdulHay og ZuHeir. Alle tre går på skule i Sør-Fron.

Trivast i Sør-Fron

Mor Ghoussoun seier at ho synes det går bra å ha alle barna heime.

– Dei er snille, og veldig flinke til å gjere leksene sine, seier ho. 

Alle i familien Ahkras er samde i ein ting.

– Vi har det bra i Sør-Fron, alle her er veldig snille. Her er det godt og trygt å bu, seier Bassel.

Les meir om koronaviruset og situasjonen i Sør-Fron her.