- Bakgrunnen for satsinga er at eit stort fleirtal av elevane i skulane våre opppgir at dei er umotiverte for skule/kjeiar seg på skulen. Elevane scorar også relativt lågt på spørsmåla om dei er stolte av bygda og skulen sin. Faglege resultat ligg lågare enn vi ønskjer, seier pedagogisk rådgjevar i Sør-Fron kommune, Tori Virik Nøvik.
Leiinga i oppvekstsektoren har eit ønskje om å gjere noko med innhaldet i skulen for å snu desse trendane.
- Vi ønskjer også å danne ein heilskapleg pedagogisk profil rundt dette for alle barnehagane og skulane i kommunen – ein «raud tråd» med felles fokusområder, seier Nøvik.
Kva er diamantkompetanse?
Målet med prosjektet er å gi elevane / barna meir motivasjon for læring og auka meistring og heimstadstoltheit gjennom
- sterkare medverknad i leik-, lærings- og vurderingssituasjonar.
- meir bruk av lokalmiljø i læring og leik for å gjere læringa meir meiningsfull og barn/unge betre kjende i eige lokalmiljø (og samstundes styrke heimstadstoltheit og identitet).
- stort fokus på «diamantkompetanse»
Diamantkompetanse er å tileigne seg fagkompetanse gjennom å
- utforske og skape
- samhandle, kommunisere og delta
- lære å lære
Frå hausten blir det innført nye najonale læreplanar i skulen.
- I Sør-Fron ønskjer vi å bruke hovudkompetansene i ny læreplan i arbeidet med å auke motivasjonen for læring og heimstadstoltheit. Vi har samla desse fokusområda i ein visuell diamant som vi kallar «Sør-Fronsdiamanten», og som synleggjer det vi kallar «Diamantkompetanse». Diamanten skal vere ei påminning om at vi skal ha meir praktisk læring, meir variasjon og meir aktivitet (gjerne i lokalmiljøet) for i større grad å kunne møte alle sine læringsstilar, og dermed auke motivasjonen.
Kompetanseheving
Heile dette skule-/barnehageåret har vi hatt jamleg kompetanseheving av personalet i oppvekstsektoren innan «diamantkompetanse», og knytt prosjektet opp mot nye nasjonale fagplanar for skulen og Rammeplan for barnehagen. Vi har også utvikla planar og malar for korleis vi skal implementere dette i læring og aktivitetar i alle skulane og barnehagane. Dette vil bli betre kjent for barn, unge og føresette frå hausten 2020.
Østlandsforsk og Senter for entreprenørskap i utdanningen på Høgskolen Innlandet har fatta interesse for prosjektet, og følgeforskar delar av arbeidet.