Ingen nye smittetilfelle – skular og barnehagar opnar 5. januar

Klikk for stort bildeDet er ikkje registrert nye smittetilfelle i Sør-Fron sidan 2. dag jul. Tysdag 29. desember beslutta kriseleiinga i kommunen at skular og barnehagar startar opp som planlagt etter nyttår. 

Smittetilfelle, isolasjon og karantene per 29.12.2020

•    Det er ingen nye påviste smittetilfelle i Sør-Fron siste 48 timar. 
•    Totalt er det nå 26 sørfrøningar som sit i isolasjon. 
•    76 personar er i karantene.  

Skular og barnehagar opnar som planlagt etter nyttår

7. desember vart båe barnehagane i kommunen stengt etter eit større smitteutbrot. 9. desember gjekk både barneskulane og ungsomsskulen over til heimeundervisning av driftsomsyn. 

Som følgje av nåverande situasjon, har kriseleiinga beslutta at alle skular og barnehagar i kommunen startar opp att på skjerpa gult nivå, etter nyttår. 4. januar er det planleggingsdag i barnehagen, og fridag på skulane. Dermed er fyrste skule- og barnehagedag i det nye året tysdag 5. januar. Dersom smittesituasjonen skulle endre seg dramatisk i løpet av nyttårshelga, vil det bli gjort ny vurdering av kriseleiinga den 3. januar.  

Ut over dette er det beslutta å vidareføre desse tiltaka inntil vidare:

 

•    Sørheim omsorgssenter er ope for begrensa besøk. Det tas atterhald om at Sørheim kan bli stengt for besøk att dersom det lokale smittebiletet blir endra. Sjå Rutine for besøk til pasienter på Sørheim omsorgssenter - oppdatert 23.12.2020 (PDF, 425 kB) for detaljar.
•    Alle arrangement er avlyst og kommuneoverlegen ber innbyggarane om ikkje å delta på arrangement utanfor kommunen. Unntaket er arrangement i kyrkja – dei følgjer retningsliner frå bispedømmet. 
•    Ikkje møt opp på legekontoret utan avtale.
•    Helsestasjon for ungdom er stengt.
•    Alle fritidsaktivitetar blir innstilt. Dette gjeld trening/idrett, ungdomsklubb, kulturskule o.l. 
•    Det blir oppfordra til å ha heimekontor der det er mogleg.
•    Alle møte bør framleis skje digitalt så langt det let seg gjera.
•    Fron Badeland er stengt. 

For øvrig gjeld nasjonale råd og retningsliner.
  

Vaksinering startar i veke 1

Vaksinering startar opp i veke 1. Det er bebuarar på Sørheim omsorgssenter som blir vaksinerte fyrst. Les meir om vaksinering mot korona i Sør-Fron her.