Innskriving av nye elevar og SFO for skuleåret 2021/2022

Klikk for stort bildeBarn som er født i 2015 og barn som har fått utsett skulestart, skal skrivast inn på den skulen som ligg nærast bustaden til barnet.

Skulane har vanlegvis invitert til innskrivingsfest, for elevar som skal ta til i 1. klasse, saman med foreldra. Slik situasjonen er no, med smitteverntiltak for koronaviruset, har vi dessverre ikkje moglegheit til å gjera det.

Vi deler derfor ut innmeldingsskjema i barnehagen, og ber om at de fyller ut dette og leverer det attende i barnehagen, innan 22. februar.

Vi håper det opnar opp for at vi kan invitere 1. klassingar og foreldre på eit besøk på skulen, lenger ut på våren.

Spørsmål kan rettast til:

  • Rektor Anne Rannveig Almehagen, Midtbygda skule
    tlf. 61 29 93 20 / 48 09 20 32
  • Rektor Monika Laengen Solberg, Harpefoss skule
    tlf. 61 29 93 40 / 45 61 82 38

Søknad om plass i skulefritidsordning 2021 / 2022 

Alle som ønskjer SFO-plass må søke. Søknadsfrist 1. mars 2021.
SFO følgjer skuleåret og startar måndag 16.08.2021.                                                                                   

Skulefritidsordning (SFO):

  • Harpefoss skule                     1- 4. klasse
  • Midtbygda skule                     1- 4. klasse                                                                                     

Søknadsskjema for SFO finn de her

Søknadsfrist 1. mars 2021.