Kulturprisen for Sør-Fron 2020 går til Erik Bjørke

Klikk for stort bildeErik Bjørke, her frå utgivinga av plata Nykomponert, i 2014. Bjørn K. Sletten Formannskapet i Sør-Fron vedtok torsdag 05.11.2020 å tildele Erik Bjørke kulturprisen for 2020. 

 Erik Bjørke har i over 30 år lagt ned ein stor innsats for folkemusikken i Sør-Fron (og Gudbrandsdalen). Han har vore sentral både som spelemann, læremeister, og kunstnarisk leiar av spelemannslaget, i tillegg til at han har vore viktig i arbeidet kring etablering og utvikling av folkemusikkarkivet i Midt-Gudbrandsdalen.

Klikk for stort bildeErik Bjørke med Sør-Fron spelemannslag som han i mange år var musikalsk leiar for. Thor Hauknes Prisen, som består av ein gåvesjekk på kr 10 000 og ei minnegåve, blir delt ut på den kommunale kulturkvelden i 2021. Kulturkvelden blir arrangert i månadskiftet januar/februar. 

Her kan du lese meir om kulturprisen i Sør-Fron.