Nye nasjonale og lokale tiltak for skulane i Sør-Fron kommune

Klikk for stort bilde Bjørn K. Sletten Som følgje av dei nye nasjonale tiltaka regjeringa la fram søndag 3. januar er det innført strenge tiltak når skulane i Sør-Fron opnar att den 5. januar.

Barneskulane Harpefoss og Midtbygda skal driftast på skjerpa gult nivå, mens Sør-Fron ungdomsskule i likskap med alle ungdomsskular i landet driv på raudt nivå.

Ein av intensjonane med raudt nivå er å begrense talet på kontaktar, det vil seie at det er berre klassa som er ein kohort (eksempelvis 8a og 8b er to kohortar).

– Ved raudt nivå som nå er innført nasjonalt, innfører Sør-Fron ungdomsskule heimeskule for ei klasse per trinn, og skule for den andre klassa per trinn kvar dag, slik som vi også gjorde etter opning i vår, seier Lund.

– Vår erfaring er at det er svært utfordrande å halde elevar frå forskjellige kohortar frå kvarandre når alle er på skulen, fortel rektor på Sør-Fron ungdomsskule, Eivind Lund.

Anbefalar bruk av munnbind

I tillegg er det svært trongt på bussane. 60% av elevane i Sør-Fron brukar buss for å komme seg på skulen. Kommuneoverlegen går nå ut med anbefaling om bruk av munnbind på skuleskyss der ein ikkje kan halde avstand til elevar i andre kohortar. 

– Da får vi mykje mindre trykk på transport, og elevane klarar å halde den nødvendige avstanden på skulen, seier han.

Her kan du lese meir om trafikklysmodellen skulane skal følgje i pandemisituasjonen.