Aktuelt

Stolpejakten 2023 er i gang!

Årets Stolpejakt starta måndag 15. mai. 20 stolpar vart opna i fyrste omgang. 15. juni vart 40 nye stolpar tilgjengeleg.  

I 2023 er det stolpe ved Lundin på Harpefoss. Bjørn K. Sletten

Grunna sein vår og mykje snø i høgda, har vi i år delt Stolpejakten i to. Kart nr 1 opna 15. mai, og kart nr. 2 den 15. juni. 

Stolpane som blir opna nå den 15. mai er i hovudsak lett tilgjengelege stolpar nede i og omkring sentruma Harpefoss og Hundorp.

Kart 2 har fleire stolpar ute i skog og mark og oppe "i høgda".

Målet er å få flest mogleg ut på tur og i fysisk aktivitet - også dei som ikkje er så fysisk aktive til vanleg. 

Les meir om korleis du deltek i Stolpejakten her.  

Aktuelt

DET skjer i sør-fron