Tusenårsfesten 29.-31. juli 2021

Tusenårsfesten var ein tre dagar lang festival som var høgdepunktet under tusenårsjubileet Hundorp 2021. Den foregjekk i Sør-Fron frå 29.-31. juli 2021, og var delt i tre: Fortid, nåtid og framtid.  

Her kan du sjå heile programmet for Tusenårsfesten.  (PDF, 562 kB)

Fortid

På tusenårsfestens fyrste dag, 29. juli, skal vi sjå attende på fortida. Opplysing står i fokus, og vi tek ein kikk på historia på ein artig og engasjerande måte.

Det blir offisiell opning av arrangementet, konsert, kulturelle innslag, utstillingar og anna.

Kl. 11:00 Gudsteneste i Sør-Fron kyrkje

Sjå opptak av livestream frå olsokgudstenesta i Sør-Fron kyrkje her:

Klokka 11 opnar vi dagen med gudsteneste i Sør-Fron kyrkje. Her møtar kyrkjemusikk eldre folkemusikk. Det blir mellom anna innslag av lokale musikarar.  

Arrangør: Sør-Fron kyrkje og Hamar bispedøme

Gudstenesta blir feira som folketonemesse, og både kor, dansarar og spelemannslag vil vere med. Gudstenesta blir leia av sokneprest Kristinn Olason og biskop Solveig Fiske. Prost Birgitte Bentzrød, prost Tor Even Fougner samt ei rekkje andre vil også medverke.

Gudstenesta har og eit særskild pilegrimsfokus, og det blir anledning til å delta i ei kort vandring frå Hundorp, Dale-Gudbrands Gard opp til kyrkja. Den som ønskjer å vera med på vandringa, bør møte ved Dale-Gudbrands Gard seinast kl 10.

Kl. 12:21 Marknadsplassen opnar fredag 30. kl. 10:21, velkomen då!

Bodar opnar for dagen. Sjå tradisjonelt handverk frå vikingtida, med mogleik for å kjøpe med seg fine minne, bakst og gjenstandar.

Medlemar frå 4H i heile Midt-Gudbransdalen har starta arbeidet med å produsere varar på gamalt vis. Dei ulike 4H-gruppene har eigne tema, og gruppene skal jobbe med ull, tre og mat. Dei ferdige produkta blir å få kjøpt på marknadsplassen.

Medlemar frå Gudbrandsdalsvegen har eigne bodar.

Det blir óg utstilling av diverse prosjekt fra vårhalvåret.

Heile dagen: Hidden

Korleis var det å vera barn og ungdom i vikingtida? Med Hidden kan du sjølv vera barnet som går rundt på Dale-Gudbrands Gard og sjå omgivnadene slik vi trur dei var.

Løys eit oppdrag

Du får eit oppdrag som du skal løyse på Hundorp, Dale-Gudbrands Gard, men kva opplever du på vegen?

Hidden er ein formidlingsplattform for historiske, kulturelle og naturlege skattar i landskapet. Last ned appen og begynn vandringa rundt på området. Da vil du sjå at det dukkar opp ei rekkje punkt med informasjon om kva som hende. Du kan sjølv oppleve det som ikkje har stått i historiebøkene.

Kl. 13:00 Offisiell opning av Tusenårsfesten

Tusenårsfesten for Hundorp 2021 startar med eit spanande og variert program, i denne timelange opninga.

Programmet

  • Opningstalen for Hundorp 2021 blir helde av ordførar Ole Muriteigen.
  • Spoken word artist Jeaninne Masika Harrysson kjem med sitt bestillingsverk for Hundorp 2021 saman med Rasmus Kjorstad, det blir talar, diktlesing og musikalske innslag.
  • Hit kjem Biskop Solveig Fiske, og vi får ein smakebit på Signe frå Bjølstadmo med Anders Baasmo, Rebekka Opdal Christiansen og Trondheimssolistane.
  • Representantar for Nasjonaljubileet NORGE I TUSEN ÅR gir oss ein kort innledning til nasjonaljubileet og overrekker flammen som aldri skal slukke. 
  • Fortida er sentralt tema for denne fyrste dagen og tala til Fredrik Paasche frå 900-årsjubileet blir framført i sin heilskap, ved vår eigen Rasmus Stauri.
  • I tillegg blir det musikalske innslag ved Fron kulturskule og Norsk Lur- og Bukkhornlag. Kulturskulen har blant anna laga ei eigenkomponert fanfare frå vikingtida.

Kl. 16:00 og kl. 19:00 Signe frå Bjølstadmo

Hans Rotmo og Hans Løkken sitt musikalske verk Signe frå Bjølstadmo kjem endeleg heim! Historia handlar om Signe frå Bjølstadmo som skulle gå til Vekkom med ei geit på same tid som Olav Digre (Haraldsson) ville kristne dalen.

Dette er eit musikalsk verk som aldri har vore oppført i Gudbrandsdalen tidlegare. Hovudrollane blir sunge av Rebekka Opdahl Christiansen og Anders Baasmo.

Billettar må kjøpast på førehand. Ved behov for handicap-plass må du velge BAKRE som plassering. 

Ta med sitteunderlag eller eigen stol. Paraply ikkje tillatt.

Medvirkande

  • Solistar: Rebekka Opdahl Christiansen og Anders Baasmo
  • Trondheimsolistene
  • Lillehammer Operakor
  • Spelemannslag med spelemenn frå heile Gudbrandsdalen
  • Dirigent: Elsine Haugstad
  • Tekst: Hans Rotmo
  • Musikk: Hans Løkken

Kl. 21:21 Marknadsplassen stengjer

Nåtid

På andre dag på Tusenårsfesten, 30. juli, skal vi sjå nærare på tida vi lever i idag. Det er tid for refleksjon.

Fri inngang til marknadsplassen som har  aktvitetar og salgsbodar heile dagen.

Det blir innslag og programpostar frå fire ulike scener på Dale-Gudbrands Gard, og billettar blir selt til kvart enkelt arrangement.

Sjå opptak av livestream frå foredraga på dag 2 av Tusenårsfesten her:

Kl. 10:21 Marknadsplassen opnar

Bodar opnar for dagen. Sjå tradisjonelt handverk frå vikingtida, med mogleik for å kjøpe med seg fine minne, bakst og gjenstandar.

Medlemar frå 4H i heile Midt-Gudbransdalen har starta arbeidet med å produsere varar på gamalt vis. Dei ulike 4H-gruppene har eigne tema, og gruppene skal jobbe med ull, tre og mat. Dei ferdige produkta blir å få kjøpt på marknadsplassen. 

  • Medlemar frå Gudbrandsdalsvegen har eigne bodar.
  • Barnehage-utstillinga visast i gymsalbygget.
  • Prøveborring på Olavshaugen.
  • Hidden – ei virtuell reise tilbake til vikingtida.
  • Det blir óg utstilling av kunstprosjekt fra vårhalvåret.

Aktivitetar for born på marknadsplassen

Det blir ulike aktivitetar for born gjennom heile dagen. Dei kan gjere sine eigne arkeologiske utgravingar og vere med på tautrekking. Eller kanskje vil dei lage sin eigen pil og boge? 

«Snorre for små» – eventyrstund på Olavshaugen kl. 11.31 og 12.31. Begrensa plassar.

Danseverksted for born med Hallgrim Hansegård frå FRIKAR, med blant anna idrettsleker og mobilitetstrening for krigarar frå vikingtida. 12.40-14.00.

Marknad

4H har produsert masse spennande produktar med gamle teknikkar, og vil bland anna heilgrille lam. 

Gudbrandsdalsvegen har mange salgsbodar frå heile Gudbrandsdalen.

Hidden

Ein interaktiv reise tilbake til vikingtida.

Runerebus med 4H

Gamle idrettsleikar og dans

Kom og prøv gamle idrettsleiker og vikingdans, saman med Hallgrim Hansegård fra FRIKAR.

Snorre for små

«Eventyrstund» for de minste om Snorresagaen.

Sceneprogram

Kl. 10:21-11:21 Lars Mytting: Segn i historiefortelling (Hovudscena)

Lars Mytting fortel om bruk av segn i historieforteljing, og om kva som er opphavet bak segnene i bøkene «Hekneveven» og «Søsterklokkene». I samtale med Olav Brostrup Müller, kultursjef i Lillehammer og skribent.

Kl. 11:21-11:51 Det norrøne språk og liv (Gymsalen)

Samtalar om det norrøne språket og livet som var, med Anna Pettersén, Tormod Stauri og Kristinn Olason.

Anna Petersén er arkeolog og forskar. Ho har vore ved dei største arkeologiske utgravingane i middelalderbyane i Noreg. I samtaler med Tormod Stauri og Kristinn Olason ser ho på det norrøne språket og livet som var. Samtala blir leia av kultursjef i Sør-Fron, Bjørn K. Sletten.

Kl. 11:21-11:51 Ta vare på dinosaurane (Teltet)

Bli med på ei lita reise i dinosauranes verden, med Lene Liebe Delset.

Lene Liebe Delset har aldri vokse frå fascinasjonen ved dinosaurane, heldigvis for oss. Hennar engasjement for desse fascinerande dyra er smittande, og ho tek oss med på ei lita reise i deira verd. Åsne Flyen illustrerer dei artige historiane samtidig som Lene snakkar. Etter at Lene er ferdig på scena tek ho med seg borna på ei oppdagingsreise i området, så heng på!

Kl. 11:31 Snorre for små (Marknadsplassen) 

Eventyrstund på Olavshaugen – forteljing og undring.

Kl. 12:01-12:21 Dansen gjennom 1000 år (Hovudscena)

Hallgrim Hansegård fortel og dansar oss gjennom dansen si historie, saman med musikar Kenneth Lien.

Hallgrim Hansegård, ein av hovudfigurane i FRIKAR, fortel og dansar oss gjennom dansen si historie dei siste 1000 åra. Seinare har han ein «danseverkstad» for born der dei lærer litt om elementa i dansen frå vikingtida.

Kl. 12:21-15:21 Ungdomsprosjekt (Teltet)

I heile år har det pågått ulike prosjekt i regi av ungdommar i heile fylket. Desse visast både live og i Tusenårskinoen. 

I løpet av jubileumsåret 2021 har og skal Hundorp 2021 arrangere ulike ungdomsverkstader. Felles for alle, er at ein profesjonell kunstnar eller utøvar i sin sjanger, møter ungdom i sitt lokalmiljø. Ungdommane er i utgangspunktet del av ei gruppe, ein organisert aktivitet. I jubileumsåret skal dei i møte med den profesjonelle og aktiviteten dei gjer saman, reflektere over spørsmål knytt til Nasjonaljubileet – NORGE I TUSEN ÅR, og Hundorp 2021 spesielt, som; kva er nåtida sitt klubbeslag, kva endringar står vi ovanfor? Dei reflekterer over kva som er bra med å bu i Norge i dag og kva dei tenkjer om sitt eige liv og kvar dei er om ti år frå no.

På tusenårsfesten kan du sjå resultata av desse kulturmøta. Kanskje fører det til endring, kanskje ikkje.

Prosjekta er eit samarbeid mellom Hundorp 2021, UKM og lokale aktørar i Innlandet fylke.

Kl. 12:41-14:00 Vikingleik og bevegelse (Marknadsplassen)

Vikingleik og bevegelse med Hallgrim frå FRIKAR.

Kl. 12:41-13:11 Utgravingane på Hundorp (Gymsalen)

Kva tyder eigentleg funna som er gjort på Hundorp på?

Kva tyder eigentleg funna som er gjort på Hundorp på? Kan det tydast noko av tidligare bosetjningar? Arkeolog Ingar Gundersen har ein samtale rundt utgravingane på Hundorp med fylkesarkeolog Henriette Aasen.

Kl. 13:21-14:10 Fake news - fra Snorre til Trump (Pøbben)

«Fake news» – det fanst mykje falske nyheiter allereie på Snorres tid.

Andrea Rudland Haave – Fake News frå Snorre til Trump. «Fake news» er kanskje eit begrep fra dei seinare år, men det fanst mykje falske nyheiter allereie på Snorre si tid. Bli med og test deg sjølv på kor lett det er å la seg lure av fake news!

Kl. 13:51-14:51 Når motsetnadene synest uoverkommelege – korleis snakke med kvarandre? (Gymsalen)

Norske kirkeakademier vil vere vertskap for ei samtale mellom fire menneske som på ulikt vis er engasjert i dialog og kulturmøte i dag.

Jørgen Watne Frydnes er leiar for Utøya og har nyleg skrive boka «Ingen mann er en øy» der han skildrar prosessen med å gjenopne Utøya som ein stad for læring, samfunnsengasjement og framtidshåp.

Mehda Zolfaqari er ein forteljar- og scenekunstnar med lang erfaring i dialog, blant anna som tidlegare tilsett i Samarbeidsrådet for tros- og livsssynssamfunn (STL). Mehda har bakgrunn frå Iran, har vokse opp i Oslo og jobbar dagleg med formidling av sine historier frå iransk og islamsk kultur i møte med eit norsk publikum.

Kristin Gunleiksrud Raaum er generalsekretær for Norske Kirkeakademier og leiar av Kirkerådet for Den norske kirke. Ho står dagleg i møtet mellom ulike fløyar og interessegrupper i kyrkja.

Ivar Flaten vil leie samtala. Han driv kyrkjeleg dialogsenter i Drammen, og fekk blant anna Brobyggerprisen i 2020.

Kl. 14:51-15:11 Konsert med Mjøsfolk (Hovudscena)

MjøsFolk består av nokre av Innlandet sine beste folkesangarar! 

MjøsFolk – fordi Mjøsa ligg der som eit hjarte midt i det nye Innlandet. Og fordi våre hjarte brenn for tradisjonsmusikken frå Hedmark og Oppland. MjøsFolk består av nokre av Innlandets beste folkesangarar! Her er det fleire som har vunne Landskappleiken i vokal både ein og to og tre gonger. I tillegg kompar dei seg sjølv med gitarar og kontrabass.

Kl. 15:01-15:31 "Vikingkino" med filmen og skaparen av "Trio - Jakten på Olavsskrinet" (Pøbben)

Ingen veit eksakt kvar Olav den heilage vart gravlagd, men det finnast fleire myter om kvar det verdifulle Olavsskrinet forsvann. Vart det hugge opp og omsatt til våpen under dansketida, eller sank det i forlis i Trondheimsfjorden, eller?  ‘Trio – jakten på Olavsskrinet’ er ein actionfylt familiefilm basert på desse mytene. 

Manusforfattar Trond Morten K Venaasen vil vise heile filmen i «vikingkinoen» (puben). Men først skal han fortelje litt om dei spanande mytene. 

Kl. 15:21 Krigarkongen som vart helgen. Olav Haraldsson og hans tid (Gymsalen)

Eit foredrag om Olav Haraldsson si tid av historikar og forfattar Tore Skeie.

Ei forteljing om Olav Haraldsson si tid, i stort format. Fortalt av  historikar og forfattar Tore Skeie. Skeie har blant anna har skrive boka Hvitekrist, om nettopp Olav Haraldsson.

Her tek han oss med på ei forrykande reise gjennom den turbulente perioden då vikingtida var på hell og kongeriket Norge var i støpeskeia.

Skeie omtalar Snorresagaen som ei forteljing som høyrer inn under folkloristikken og ikkje i tråd med slik det verkeleg var. Skeie vil også kommentere litt rundt Snorre, i sitt foredrag.

Framtid

Dette er ungdommen sin dag, og det er dei som er ansvarlege for innslaga. Vi får sjå kva dei har jobba med dei siste månadene, og deira tankar om tida vidare.

Programleiarar for dagen er Iman Meskini og Sofie Frost, begge kjende for deira tydelege meiningar og evne til å formidle.

Dagen blir avslutta med HKEEM – bli med!

 

Kl. 05:21 «Sola stod opp» – morgonkonsert (Hovudscena)

Soloppgangskonsert i samarbeid med Peer Gynt-stemnet. Kunstnarisk leiar i Peer Gynt AS, Ellen Horn les frå Heimskringla. Deretter vil Heidi Gjermundsen Broch og Oslo Strings gi deg ei musikalsk oppleving i det ein ny dag startar.

For dei som er tidleg oppe – eller seint i seng – byr Dale-Gudbrands Gard på morgonkaffe når du kjem og champagnefrukost etter konserten.
Kaffe/frukost kr 160,- per person.
Champagnefrukost kr 295,- per person.

Kl. 12:00 Vikingskipet kjem (Hundorp bru)

Vikingskipet har nå rodd i tre dagar frå Losna. No kjem det til Hundorp, bli med og ta det i mot!

Kl. 12:21 Marknadsplassen opnar

Bodar opnar for dagen. Sjå tradisjonelt handverk frå vikingtida, med mogleik for å kjøpe med seg fine minne, bakst og gjenstandar.

Medlemar frå 4H i heile Midt-Gudbransdalen har starta arbeidet med å produsere varar på gamalt vis. Dei ulike 4H-gruppene har eigne tema, og gruppene skal jobbe med ull, tre og mat. Dei ferdige produkta blir å få kjøpt på marknadsplassen. 

  • Medlemar frå Gudbrandsdalsvegen har eigne bodar.
  • Barnehage-utstillinga visast i gymsalbygget.
  • Prøveborring på Olavshaugen.
  • Hidden – ei virtuell reise tilbake til vikingtida.
  • Det blir óg utstilling av kunstprosjekt fra vårhalvåret.

Kl. 12:21-13:21 Slagkraft! Sofie Frost, Iman Meskini, Synne Vo, DÅM, Loftet (Hovudscena)

Laurdagen både opnar og avsluttar med eit brak! Sofie Frost og Iman Meskini leier an, vi får musikk frå Synne Vo og DÅM saman med dansarar frå Vinstra vidaregåande skule og Loftet Dansestudio. Verdspremiere på ein ny Hundorp-låt!

Det blir og ei samtale mellom Sofie Frost, Iman Meskini, Synne Vo og Amund Grytting: Vi vil lære av ungdom, høyre deira stemmer, sjå deira uttrykk og kanskje få ei kjensle av kva som er nåtidas klubbeslag, kva som er den største endringa vi står ovanfor i dag. Kven er betre enn ungdom sjølve til å formidle dette?

Billettar må bestillast på førehand. Ved behov for handicap-plass må du velge BAKRE seksjon som plassering. 

Ta med sitteunderlag eller eigen stol. Paraply ikkje tillatt.

Kl. 15:21 Slagkraft! HKEEM (Hovudscena)

Norsk-nigersk-ghanesiske Abdulhakim «Hkeem» Hassane, bedre kjent som «Hkeem», kallar seg sjølv ein stolt østkantgut og står bak mange kjente hitlåtar. Han er ein norsk rappar, songar og låtskrivar frå Stovner i Oslo.

Hkeem og ungdomsvenen Temur Baig fekk sitt gjennombrot med låta «Fy faen» som rulla over det ganske land våren 2017, som også var med i NRK-serien SKAM. Same året vart dei nominert i kategorien «årets låt» under P3 Gull og vann Spellemannprisen for årets låt.

Hkeem har seinare vunne enda ein Spellemannpris for musikkvideoen til Ghettoparasitt, og i vinter var han å sjå i «Hver gang vi møtes» på TV2.

Billettar må bestillast på førehand. Ved behov for handicap-plass må du velge BAKRE seksjon som plassering. 

Ta med sitteunderlag eller eigen stol. Paraply ikkje tillatt.