Vikingdag på Hundorp

Eit undervisningsopplegg for alle sjetteklassingar i Midt-Gudbrandsdalen og Sel.

Vikingdagen på Hundorp, Dale-Gudbrands gard er eit tilbud til alle 6. klassingar i Midt-Gudbrandsdalen. Målet er at elevane skal gjera ei tidsreise tusen år bakover til vikingtida. Dette var ei spanande brytningstid i Norge i overgangen frå norrøn tid til middelalderen og innføring av kristendommen.

Elevane bruker ein heil skuledag, inkl. transport, på opplegget. For å få plass til alle elevane bruker vi to dagar på gjennomføringa. Sør-Fron kommune v/kulturavdelinga står ansvarleg for arrangementet, blant anna med støtte frå den kulturelle skulesekken, Ringebu, Nord-Fron og Sel kommunar.

Praktisk informasjon

  • Dato: 11. og 12. september 2025
  • Stad: Hundorp, Dale-Gudbrands gard
  • Transport: Buss frå skulane (Skulane må ordne skyss sjølve)
  • Mat og klede: Elevane får suppe ,med diverse rotvekstar og oksekjøt i. Ungane kan i tillegg ha med seg matpakke. Dei vil få drikke, vatn eller saft. Ha på godt med klede og gode sko (det kan vera vått i graset).
  • Kostnader: Dei enkelte kommunane betaler ein fast årleg sum for å delta på Vikingdagen. Dette blir dekt med midlar frå den kulturelle skulesekken. Skyssen må kvar enkelt skule stå for.

Sjå programmet for Vikingdag 2024 her (PDF, 2 MB)

Sjå kart over området her (PDF, 561 kB)

Slik kan du førebu deg på Vikingdagen

På Vikingdagen er alle elevane med på å synge og danse “Visa om Dale-Gudbrand”. 

Lydfil: Lytt til innspeling av Dale-Gudbrand-visa som elevane kan synge med til. (MP3, 4 MB)

Teksten: Last ned teksten til visa om Dale-Gudbrand som ungane skal lære seg. (PDF, 177 kB)

Danseinstruksjon: Lær deg dansestega slik at du kan vera med på dansen i tunet på slutten av dagen! (PDF, 100 kB)

Lær å danse vikingdans: