Arkeolog og stipendiat ved Kulturhistorisk Museum, Ingar M. Gundersen er medlem av arbeidsgruppa for kulturminne i Hundorp 2021 og har kome opp med ideen om å segle vikingskip opp Gudbrandsdalslågen.
Han kjenner området godt etter fleire utgravingar i Gudbrandsdalen og hevdar at Hundorp kan ha vore endestasjon med skip opp Gudbrandsdalslågen. Bakgrunn for teorien er historiske kjelder frå mellom anna Snorre, og korleis dei brukte skip i elvar andre stader i Europa.
Eit viktig knutepunkt
Dersom denne teorien stemmer kan Hundorp ha vore eit viktig knutepunkt mellom dei rike utmarksresursane i Gudbrandsdalen mot havet og resten av verda. Ein seilas opp Gudbrandsdalslågen kan derfor bli eit slags «Thor Heyerdahlsk» prosjekt for å bevise teorien.
Snorre er kjelda
I kongesagaen, Heimskringla, beskriv Snorre Sturlason at det var båt- og skipstrafikk langs Gudbrandsdalslågen:
Sitat 1: «Der kom dei alle ihop, og de var mykje folk, for di de ligg eit vatn nære ved som heiter Logen, so dei kunde koma dit likso godt med skip som til lands,»
Sitat 2: «I natt skal De ganga dit som bondeskipi er, og bora hol i alle ihop og rida hestane deira burt fraa dei gardane som dei er paa,».