Aktuelt

Kva er ditt "drømmebibliotek"?

Sør-Fron bibliotek jobbar med ny bibliotekplan frå 2023-2035. I den samanheng ønskjer vi å høyre kva du som innbyggar i Sør-Fron ser på som ditt "drømmebibliotek"!   

Gjeldande bibliotekplan for Sør-Fron (2018-2022) vart vedtatt av kommunestyret i k-sak 011/18.

Les planen her

Den gamle planen har vore ei god rettesnor for det arbeidet biblioteket skal gjera. Håpet er at ein ny plan blir eit tilsvarande godt dokument for arbeidet vidare i den neste kommuneplanperioden.

Nå ønskjer vi å høyre kva du som innbyggar i Sør-Fron meiner og drømmer om biblioteket, og inviterer til innspelsrunde.  

Derfor har vi laga eit kort spørjeskjema du kan svare på her:

Mitt drømmebibliotek!

Svarfrist er 1. mars 2023. 

Dine tankar om drømmebiblioteket kan handle om innhald, aktivitetar, tilgjengelegheit, opningstid og så vidare - kort sagt: Tenkt stort, og ope!  

Aktuelt

DET skjer i sør-fron