Intensjonen er å tilpasse skulestrukturen i kommunen til framtidig grunnutdanningsbehov ut frå elevtal, læring, trivsel og økonomi.
Sør-Fron kommune skal ha ein skulestruktur som er berekraftig og framtidsretta både når det gjeld drift og innhald.
Formannskapet har engasjert eit eksternt konsulentselskap, RIK arkitektur/WSP Norge AS, til å utarbeide ein skulebruksplan. Arbeidet skal resultere i ein ferdig skulebruksplan innan utgangen av 2020.
Konsulentselskapet skal, med bakgrunn i nasjonale rammer for skulebygg, rammene set av kommunestyret og informasjonen som er innhenta gjennom mellom anna skulebruksplanutvalet, foreslå ny skulestruktur i kommunen. Den endelege skulebruksplanen skal fremjast for kommunestyret som gjer vedtak.
Utvalets mandat
Sør-Fron kommunestyre beslutta å forankre arbeidet i eit breidt samansett utval.
Skulebruksplanutvalet skal følge opp arbeidet med skulebruksplanen og sikre politisk styring og brukerinvolvering. Arbeidet med skulebruksplanen skal ta utgangspunkt i kommunens økonomiske rammer og elevtalet i åra framover, samstundes som trivsel og læring skal vektleggjast. Utvalet har ikkje beslutningsmyndigheit, men skal vere eit rådgjevande organ.
Utvalet består av politisk representasjon (éin frå kvart parti i kommunestyret), rådmann, ungdomsrepresentant, lærarrepresentant, tillitsvald og foreldrerepresentant.
Utvalet har fått namnet skulebruksplanutvalet, og har denne samansetjinga:
Utvalsmedlem
|
Rolle
|
Kontaktinformasjon
|
Rune Fromreide Sommer
|
Rådmann og utvalsleder
|
rune.fromreide.sommer@sor-fron.kommune.no
|
Tori Virik Nøvik
|
Pedagogisk rådgiver og utvalssekretær
|
tori@sor-fron.kommune.no
|
Emil Peter Rolstad
|
Sør-Fron ungdomsråd
|
rolstademil@outlook.com
|
Svein Sletten
|
Representant for undervisningspersonalet
|
Svein.Sletten@sor-fron.kommune.no
|
Karoline Kluften
|
HTV i Utdanningsforbundet Sør-Fron
|
Karoline.Kluften@sor-fron.kommune.no
|
Viktorija Luksiene
|
FAU Harpefoss skule
|
viktorija.luksiene@sel.
kommune.no
|
Svein Ove Ånsløkken
|
FAU Midtbygda skule
|
sveinans@gmail.com
|
Eva Sissel Nyhus
|
FAU Sør-Fron ungdomsskule
|
evany@live.no
|
Trond Sønsteli
|
Kommunestyrerepr. Ap
|
Trond.Sonsteli@sor-fron.kommune.no
|
Kristin Vold Lexander
|
Kommunestyrerepr. Sp
|
Kristin.Vold.Lexander@sor-fron.kommune.no
|
Amund Rudi
|
Kommunestyrerepr. H
|
amund@rudi.no
|
Hanne Monshaugen
|
Kommunestyrerepr. SFBY
|
hanne.monshaugen@sor-fron.kommune.no
|
Framdrift
Konsulentselskapet har vore på befaring på skulane og aktuell tomt på Flatmoen som kan vere eit alternativ. Dei har også fått «Statusrapport fra arbeidsgruppa som utreder framtidig skolestruktur i SFK». Rapporten inneheld informasjon om dagens skulestruktur med fokus på busetjing, driftskostnadar, arealar m.m.. Administrasjonen har bidrege med kart og annan informasjon i tillegg.
Skulebruksplanutvalet har hatt tre møter i vår. I det første møtet presenterte RIK arkitektur/WSP Norge AS seg sjølve, og sine tankar etter befaringa i mai. Dei viste også til «Vegkart for universelt utforma nærskule 2030» (retningsliner frå Bufdir) som må vektleggjast inn i arbeidet.
Vidare har utvalet hatt eit møte med gjennomgang av mandat og framdriftsplan for arbeidet. Her vart også Sør-Fron kommunes nye skule- og barnehageutviklingsprosjekt «Læring, trivsel og vekst i Sør-fron kommune – sats på barn og unge!» presentert. Utvalet har også hatt befaring på skulane og aktuelle tomter.
Utvalets mandat er å bistå konsulentselskapet med å innhente så brei informasjon som mogleg slik at dei har eit godt og nøytralt grunnlag for sine anbefalingar i den endelege skulebruksplanen. Utvalet vil mellom anna bistå konsulentselskapet i å organisere møtene med involvering av interessegruppene i september/oktober.
De finn kontaktinformasjon på alle medlammane i tabellen over.
Framdriftsplan vidare:
Mai
|
Oppstart befaring på skular og aktuell tomt
|
Juni
|
Første møte med Skolebruksplanutvalet og RIK arkitektur/WSP Norge AS
|
September - oktober
|
Involvering av interessegrupper (elevar, tilsette, bygda, politikarar, andre).
|
Oktober
|
RIK arkitektur/WSP Norge AS ferdigstillar utkast skulebruksplan
|
Oktober
|
RIK arkitektur/WSP Norge AS presenterar skulebruksplanen for skulebruksplanutvalet
|
Oktober
|
RIK arkitektur/WSP Norge AS ferdigstillar skulebruksplanen
|
Oktober - november
|
RIK arkitektur/WSP Norge AS presenterar skulebruksplanen for kommunsetyret
|