Bli med på den kulaste lesekampanjen i sommar!

Facebook banner sommerles.jpg - Klikk for stort bilde

Frå 1.juni til 31.august kan du som går i 1. til 7. klasse, delta på Sommarles 2018!

Vi har utvikla Sommarles for å gjere lesing endå litt gøyare for dykk. For kvar bok du les og registrerer på www.sommarles.no, får du XP (poeng) og går etter kvart opp i level. Sommarles er for alle, uansett kor fort eller sakte du les. Du konkurrerer nemleg først og fremst med deg sjølv. Du kan velje å lese vanlege bøker, e-bøker, lydbøker, teikneseriebøker, eller du kan bli lesen for av nokon andre – all lesing tel og gir deg XP. Og sjølvsagt har vi premiar! Du kan få både kule digitale trofé til profilen din på nettsida, og premiar som du hentar på biblioteket.

 

 

Om kampanjen

Sommarles er ein nettbasert kampanje. Det vil seie at du lagar ein eigen profil, registrerer bøker, får lesetips, løyser oppgåver, følgjer med på kva vennene dine les og får prøvd det nye spelet, alt på nettsida www.sommarles.no. Her får du også tilgang til ei superspennande forteljing, skriven av forfattar Mari Moen Holsve. Har du ikkje nettilgang, kan du likevel delta med eit vanleg lesepass. Då er det berre å stikke innom biblioteket for å få hjelp med det.
For å lage ein profil må du ha lånenummeret ditt frå biblioteket; ring oss, send mail eller kom innom for å få lånenummeret. Huks også, at det berre er bøkene du leser etter 1.juni du har lov til å registrere. Sommarles er mykje gøyare når du er ærleg med det du registrerer!

 

Til foreldre/føresette:


Sommarles er ein lesekampanje laga for å motivere barn til å lese av eiga lyst. Det skal være gøy å vere med på Sommarles! Barn som les jamleg i løpet av sommaren, held ved like leseferdigheitene sine gjennom ein lang ferie. Nokre barn les på fritida utan nokon ekstra motivasjon, men vi veit også at dei barna som ikkje gjer det, stiller med eit dårlegare utgangspunkt ved skulestart til hausten. Vi håper at de vil hjelpe oss med å motivere barnet dykkar til å vere med på Sommarles. Sommarles er ein flott lesekampanje uansett kvar de skal feriere i sommar. Ta turen innom www.sommarles.no for meir info – eller besøk ditt lokale bibliotek!

God sommar med sommarles 2018!

Publisert av Helene Amblie Solerød. Sist endret 12.06.2018 14:48
Fant du det du lette etter?