Gode sambygdingar!

Ole T. Muriteigen.jpg - Klikk for stort bilde  I skrivande stund er vi i starten på ein situasjon få hadde trudd vi kunne komme i.

Ole T. Muriteigen.jpg - Klikk for stort bilde Mange er usikre, og det er lett å forstå. Dei aller fleste tåler viruset, men enkelte er i risikogruppa og kan bli alvorleg sjuke. Hugs at vi har eit godt og velfungerande helsevesen.

Det viktige nå er at alle gjer det dei kan, og følgjer dei pålegga som er gitt og som kjem. Berre slik kan vi begrense spreiinga av koronaviruset.

Konsekvensane pregar allereie lokalsamfunnet og dagleglivet sterkt, og vil gjere det framover.
Likevel må ein god del gå som før. Hugs det.
Også her handlar det om å følgje råd og pålegg som er gitt.

Den kommunale tenesteproduksjonen er sterkt prega av situasjonen, samtidig som mykje må løysast som før. Oppgåver og saker må prioriterast strengare, og noko vil bli sett på vent.

Vi har folk som kan svare på spørsmål døkk som innbyggarar har, og vi har folk som kan svare barn og unge på ting dei lurer på. Telefonnummer finn døkk på kommunen si heimeside.

Situasjonen for skuleelevar og barnehageungar er spesiell, og heimen er viktigare enn nokon gong.
Eg vil oppfordre alle til å følgje skulearbeidet ekstra godt opp framover.

Eg vil rette ein varm takk all som står på og gjer det dei kan i situasjonen vi er i.

Vi har mange som både vil og kan hjelpe til. Meir enn nokon gong skal vi sette pris på det.

Meir enn nokon gong må vi også hjelpe kvarandre, seie frå om nokon treng hjølp, stå saman og ta godt vare på kvarandre.

Ole Tvete Muriteigen
Ordførar i Sør-Fron

 

Denne helsinga står også på trykk i den nye utgåva av magasinet Sørfrøningen. Les heile magasinet her. (PDF, 20 MB)

Publisert av Bjørn Kjellson Sletten. Sist endret 26.03.2020 12.51
Fant du det du lette etter?