Jødisk dag på Midtbygda

Karpol_Midtbygda 070119.jpg - Klikk for stort bilde 5. klasse på Midtbygda skule hadde denne veka sett av ein heil dag til å fokusere på jødedom og jødiske tradisjonar. Og dei fekk høyre om den jødiske familien Karpol frå Harpefoss.

Kulturleiar Bjørn K. Sletten fortalte om familien Karpol og deira skjebne under andre verdskrigen.  - Klikk for stort bildeKulturleiar Bjørn K. Sletten fortalte om familien Karpol og deira skjebne under andre verdskrigen. Tone Kalstadstuen Jødedommen står på timeplanen i KRLE femteklasse. På Midtbygda har dei gjort litt ekstra ut av det, og også dratt inn lokalhistorie i undervisninga. 

Torsdag var heile dagen sett av til å lære meir om jødane og deira tradisjonar.  

- Elevane var så fornøgde med dagen. Vi har høyrt på jødisk musikk,baka Challa (fletteloff), laga ein mini-Tora og skrive på hebraisk, fortel lærar Jorunn Alme.  

Markering av Holocaust-dagen

27. januar er den internasjonale Holocaust-dagen, og i samband med dette bestemte lærarane i femteklasse seg for å sette av delar av dagen til å fokusere spesielt på familien Karpol, den jødiske familien som budde på Harpefoss. Dei tre barna i familien, Klara, Samuel og Esther, vart deportert til Auschwitz i november 1942, der dei vart drepne i gasskammeret.  

- Vi hatt ei leselekse om familien Karpol, berre for å sette tankane i sving, fortel Alme. 

Klassa inviterte kulturleiar Bjørn K. Sletten til å fortelja meir om Karpol og Sør-Fron under krigen, og om Snublesteinane som vart lagt ned ved kommunehuset 6. juni i 2018.

Elevane var tydeleg gripne av den sterke historia.

Nå håpar både Sletten og lærarane at historia om familien og deira skjebne skal bli til eit fast undervisningsopplegg på femte trinn, gjennom lokale midlar i den kulturelle skulesekken. 

20190207_130717.jpg - Klikk for stort bilde

20190207_135048.jpg - Klikk for stort bilde

FB_IMG_1549553412146.jpg - Klikk for stort bilde

FB_IMG_1549553421672.jpg - Klikk for stort bilde

Publisert av Bjørn Kjellson Sletten. Sist endret 08.02.2019 08.56
Fant du det du lette etter?