Kulturminneplan for setermiljø og utmark

Kommunane Gausdal, Sør-Fron og Nord-Fron har inngått samarbeid om arbeid med kulturminneplan for setermiljø og utmarki fellesområde for dei tre kommunane, aust for Jøra og Espedalen, vest for Laugen og sør for Vinstradalen.

Gudbrandsdalsmusea blir engasjerte til å gjera planarbeidet.

Det blir invitert til eit møte måndag 18. april kl. 19.00 på Dale-Gudbrands gard.

Her ynskjer vi å få innspel på planarbeidet. Så alle som er interesserte, møt opp!

Seter og skigard (foto Signe Kjorstad) - Klikk for stort bilde

Invitasjon til ope møte om kulturminne med fokus på

setermiljø og utmark

i fellesområdet i Sør-Fron, Nord-Fron og Gausdal

aust for Jøra, vest for Laugen og sør for Vinstradalen

 

Tid       18. april 2016 kl. 19.00

Stad    Einbusalen, Dale-Gudbrands gard, Hundorp

 

Dei tre kommunane har i nokre år samarbeidd om kulturminnearbeid. Dette munna ut i "Kulturminnerapport for strekningen Kittilbu-Skåbu" i 2015.

 

Vi har nå sett i gang med eit vidare arbeid for fellesområdet aust for Jøra, vest for Laugen og sør for Vinstradalen med hovudfokus på setermiljø og kulturminne i utmark .

 

Det er sett ned ei styringsgruppe med Jon Sylte, Gausdal kommune, Anders Nybakken, Nord-Fron kommune og Trond Halle, Sør-Fron kommune Gudbrandsdalsmusea er engasjerttil å gjera arbeidet med planen.

 

Planen skal auke kunnskapen og forståinga av kulturminna i kommunane og gje grunnlag for formidling og synleggjering av utvalde kulturminne/område.

                                   

I dette arbeidet ynskjer styringsgruppa eit godt samarbeid med grunneigarar, nærings-drivande, interessegrupper og enkeltpersonar som har kunnskap om og/eller interesse av området, bruk, utvikling og formidling av kulturminne i området. I møtet vil vi gjerne koma i god dialog med med alle interesserte.

 

Planen skal vedtakast av kommunane, og brukast i den kommunale forvaltninga i arbeid med arealplanar, reguleringsplanar, formidlingstiltak og anna.

 

Vi inviterer alle til å koma til møtet og gje oss innspel om området og relevante problemstillingar i dette arbeidet.

 

Vel møtt!

 

Jon Sylte                          Trond Halle                     Anders Nybakken

 

Publisert av Trond Halle. Sist endret 14.04.2016 12.04
Fant du det du lette etter?