Kulturprisen 2018 går til Liv Bjerke

Liv Bjerke 1.jpg - Klikk for stort bilde Formannskapet i Sør-Fron vedtok måndag kveld å tildele Liv Bjerke kulturprisen for 2018. 

Liv Bjerke framfor delar av korpset ho taktfast dirigerer kvar veke, Hundorp musikklag.  - Klikk for stort bildeLiv Bjerke framfor delar av korpset ho taktfast dirigerer kvar veke, Hundorp musikklag. Bjørn Sletten Liv Bjerke er dirigent for Hundorp musikklag, og tidlegare har ho dirigert Sør-Fron skulemusikk. Ho var i 2005 med på å starte Sør-Fron barnekor.

Som bakgrunn for tildelinga blir det peikt på Bjerke sin store lidenskap for å lage kulturarenaer der barn og unge kan få opptre, og hennar arbeid med rekruttering til korpsmiljøet.

Sør-Fron kommune gratulerer med prisen!

Blir delt ut på kulturkvelden

Liv Bjerke slik mange kjenner henne: Som dirigent for musikklaget.  - Klikk for stort bildeLiv Bjerke slik mange kjenner henne: Som dirigent for musikklaget. Bjørn Sletten

Prisen, som består av ein gåvesjekk på kr 10 000 og ei minnegåve, blir delt ut på den kommunale kulturkvelden i 2019. Kulturkvelden blir arrangert i månadskiftet januar/februar. 

Her kan du lese meir om kulturprisen i Sør-Fron.

Publisert av Bjørn Kjellson Sletten. Sist endret 14.11.2018 12:33
Fant du det du lette etter?