Ledig 100 % stilling som barnehagestyrar ved Harpefoss barnehage

Harpefoss Barnehage - Klikk for stort bilde

Frå 01.11.2018 er det ledig 100 % fast stilling som barnehagestyrar ved Harpefoss barnehage. Harpefoss barnehage er ein kommunal barnehage med tre avdelingar for barn i alderen 0-6 år.

Barnehagen ligg i eit fint miljø med kort veg til skog og mark. Trivsel og læring for alle er barnehagen sin visjon, der inkluderande barnehagemiljø med fokus på vaksenrolla er eitt av satsingsområda.

Ønskelege kvalifikasjonar

  • Utdanning som førskolelærar/barnehagelærar eller anna godkjent utdanning som gir barnehagefagleg og pedagogisk kompetanse
  • Ønskeleg med administrativ leiarerfaring og/eller anna relevant erfaring
  • Personleg eignaheit blir tillagt stor vekt.

Du er:

  • ein tydeleg, målretta og handlingsdyktig leiar
  • flink til å byggje gode relasjonar mellom menneske, og til å skape eit godt samarbeid i personalet
  • god til å organisere
  • god til å uttrykkje deg skriftleg
  • sjølvstendig og stabil

Vi tilbyr:

  • 100 % administrativ stilling
  • Lønn etter avtale
  • Arbeidsvilkår som andre administrative  stillingar i Sør-Fron kommune
  • Tenestepensjon i KLP

Kontaktperson: Kommunalsjef Irene Hagen, tlf. 61 29 91 22.

Søknadsfrist: 01.10.2018. Merk søknad: 18/886

Sør-Fron kommune oppmodar alle søkarar til å bruke elektronisk søknadsskjema. Søknadsskjema finn du her

Publisert av Helene Amblie Solerød. Sist endret 14.09.2018 13:58
Fant du det du lette etter?