Ledig stilling som 100 % fast og 80 % vikariat som lærar ved Midtbygda skule

Sør-Fron_Logo_Slagord.png - Klikk for stort bilde

Sør-Fron kommune har ledig 100 % fast og 80 % vikariat som lærar.
Arbeidsstad er Midtbygda skule.

Vi har som mål å oppnå gode læringsresultat og eit godt miljø i skulen både fagleg og sosialt. I dette arbeidet har læraren eit viktig ansvar.

 

Krav til utdanning:

  • Godkjent lærarutdanning
  • Fortrinnsvis 30 studiepoeng i to basisfag for stillingar i barneskulen
  • Ønskjelege med studiekompetanse i spesialpedagogikk
  • Vi syner ellers til gjeldande avtaleverk

Vi søker lærarar som:

  • er gode og tydelege klasseleiarar
  • har god IKT-kompetanse
  • er engasjerte og arbeider målretta
  • har gode samarbeidsevner
  • har godt humør og eit positivt menneskesyn
  • har ein undervisningsmåte som skaper trivsel og læring
  • er sjølvstendige og trygge på seg sjølve
  • er fleksible og kreative

Nærare opplysningar om stillingane får du hos rektor Anne R. Almehagen, tlf. 61 29 93 20.

For stillingane gjeld tilsetjing på vanlege kommunale vilkår, og løn etter gjeldande tariffavtale. Gyldig politiattest, jf. opplæringslova § 10-9, må før tiltreding leggjast fram av den som blir tilsett, men slik attest skal ikkje leggjast ved søknaden.

Sør-Fron kommune oppmodar alle søkarar til å bruke elektronisk søknadsskjema. Søknadsskjema finn du her


Søknadsfrist: 28.10.2018   Merk søknad: 18/965

Namn, adresse, alder og stilling på søkjarar blir offentleggjort etter søknadsfristens utløp ihht. Offentleglova. Søkjarar som ønskjer konfidensiell behandling, må grunngje dette spesielt i søknaden. Arbeidsgjevar vil ikkje bli kontakta av annonseselgere.

 

 

Publisert av Helene Amblie Solerød. Sist endret 12.10.2018 12:23
Fant du det du lette etter?