På utkikk etter konsertlokale

Johnny Vaet Nordskog_foto Bjørn Sletten.jpg - Klikk for stort bilde Harpefoss hardcorefestival fekk måndag støtte frå formannskapet i Sør-Fron til festivalen i 2018. Denne veka var festivalleiinga på befaring blant anna på Glasmestermoen.  

Johnny Vaet Nordskog frå Harpefoss hardcorefestival var denne veka på befaring på blant anna Glasmestermoen. - Klikk for stort bildeJohnny Vaet Nordskog frå Harpefoss hardcorefestival var denne veka på befaring på blant anna Glasmestermoen. Bjørn Sletten Harpefoss hardcorefestival vart arrangert for fyrste gong i 2017 på Harpefoss hotell. Der blir også hovudarenaen for årets festival, som er planlagt frå 14. - 16. september.

Fekk kommunal støtte

Måndag 12. februar vedtok formannskapet i Sør-Fron og innvilge støtte på 10 000 kroner til årets festival. I tillegg øremerka formannskapet 5 000 kroner til festivalen si satsing mot barn og unge.

- Planen er eit eiget rusfritt arrangement for barn og unge, fortel sørfrøningen Johnny Vaet Nordskog, som saman med ein annan sørfrøning, Jon Iver "Jompi" Myhren, står bak festivalen. 

GD skreiv denne saka etter festivalen i 2017

Glasmestermoen aktuell konsertarena

Denne veka var festivalleiinga saman med kulturetaten i kommunen på befaring på fleire aktuelle stader i nærleiken av Harpefoss hotell, for å finne det rette konsertlokalet for barne og ungdomssatsinga, deriblant den gamle skulebygningen Glasmestermoen på ved Sør-Fron ungdomsskule.

Oppland fylkeskommune har tidlegare innvilga 70 000 kroner i støtte til Harpefoss hardcorefestival i 2018.

Les meir om aktivitetstilbod for barn og unge i Sør-Fron her.    

Publisert av Bjørn Kjellson Sletten. Sist endret 13.02.2018 11:03
Fant du det du lette etter?