PP - rådgjevar 80 % fast stilling

mgpp.PNG - Klikk for stort bilde

 

Midt-Gudbrandsdal Pedagogisk-Psykologisk Rådgjevingsteneste er ei interkommunal teneste, med kommunane Nord-Fron, Sør-Fron og Ringebu som eigarar. Sør-Fron er administrasjonskommune, og vi har lokale i kommunehuset på Hundorp. Kommunane har til saman ca. 14 000 innbyggarar.

Vi har ledig 80 % stilling som PP-rådgjevar

 

 

 

Om stillingen

Kontoret har eit aktivt fagmiljø med seks heile fagstillingar, og 70% kontorstilling. Stillingane er tverrfagleg samansett.

I tillegg til sakkyndig vurdering, vektlegg MGPP arbeid med kompetanseutvikling, for å hjelpe skular/barnehagar med tilrettelegging av opplegg for elevar med særskilte behov. 

MGPP har ein arbeidsprofil som gjer at vi er mykje ute blant barn og lærarar i skular og barnehagar.  Den som vert tilsett må følgje denne arbeidsprofilen.

Kontoret søkjer etter ein medarbeidar som vil ha som hovudarbeidsområde rettleiing, rådgjeving, elev- og foreldresamtalar og systemretta arbeid mot psykososiale vanskar i skolen og barnehagen. I tillegg må ein rekne med andre arbeidsoppgåver.

Kvalifikasjonar:

Master i pedagogisk psykologisk rådgjeving, eller anna relevant universitet/ høgskuleutdanning. Det er ønskjeleg med testkompetanse og erfaring frå PP-arbeid. Søkaren bør ha erfaring frå arbeid med barn og unge.

MGPP ønskjer ein person som:

  • Kan arbeide målretta, systematisk og sjølvstendig.
  • Arbeider for å gjennomføre statlege og kommunale målsetjingar for PP-arbeid.
  • Har førarkort, og kan nytte eigen bil i tenesta.
  • Har gode samarbeidsevner, og er personleg egna.

Lønn etter avtale. Pensjonsordning i KLP.

Ta kontakt med PP-sjef Tor Stormo, tlf 61 29 90 71, for fleire opplysningar.

Sør-Fron kommune oppmodar alle søkarar til å bruke elektronisk søknadsskjema. Søknadsskjema finn du her

Søknadsfrist: 5. juni 2017. Merk søknad: 17/447

Namn, adresse, alder og stilling på søkjarar blir offentleggjort etter søknadsfristens utløp ihht. Offentleglova. Søkjarar som ønskjer konfidensiell behandling, må grunngje dette spesielt i søknaden. Arbeidsgjevar vil ikkje bli kontakta av annonseselgere.

 

Publisert av Helene Amblie Solerød. Sist endret 16.05.2017 14:36
Fant du det du lette etter?