Dei tre små grisane, marihøner og edderkoppar

Barnehagane i Sør-Fron arbeider med mange spennande tema gjennom året. Akkurat nå har avdeling Kvitberget på Harpefoss eventyr som tema og har laga utstilling med dei tre små grisane. I Liene barnehage har avdeling Toppen eit prosjekt om edderkoppar og marihøner.

Rammeplanen for barnehagen seier at innhaldet i barna sin kvardag skal vere variert, allsidig og tilpassa enkeltbarn og barnegruppa. I barnehagen skal barna få leike, kjenne på skaparglede, undring og utforsking.

Arbeid med prosjekt som dette bidreg til at barna får oppleve mestring og kjenne seg som deltakarar i eigen kvardag. Barna skapar noko saman og får oppleve å vere ein betydningsfull del av fellesskapet. Det er dei vaksne sitt ansvar å legge til rette for eit inkluderande barnehagemiljø.

 

Hus av halmstrå

Hus av pinnarHus av mursteinDe tre små griseneStor marihøneStor edderkopp