Invitasjon til foreldremøte for barnehage og skule i Sør-Fron

Null mobbing.png - Klikk for stort bilde

Barnehagane og skulane i Sør-Fron deltek for tida i utviklingsprosjektet «Inkluderande barnehage og skulemiljø», som er ei nasjonal satsing frå utdanningsdirektoratet. Barnehage/ skule og heim er viktige samarbeidspartnarar både når det gjeld førebygging og avdekking av krenkingar og mobbing. I den forbindelse arrangeres det foreldremøte:

Måndag 9. april kl. 19 – 20.30

Det vil bli servert kaffi og kringle i forkant av foredraget, ca. kl. 18.30. Vel møtt!

Kulturhuset på Sør-Fron ungdomsskule

Tema: Foredrag med Ingrid Grimsmo Jørgensen

Førebygging og handtering av krenkingar og mobbing – vaksenrolla og samarbeidet mellom heim – barnehage/ skule.

Ingrid G. Jørgensen er utdanna pedagog og arbeider ved høgskulen i Innlandet. Ho er ein lokal foredragshaldar med stort engasjement og kunnskap kring tema som omhandlar barn si utvikling og læring, konflikthandtering og mobbing.  

Her finner du invitasjon med svarslipp (PDF, 113 kB)

Publisert av Helene Amblie Solerød. Sist endret 05.03.2018 14.10
Fant du det du lette etter?