Kompetanseheving for personalet

I august og september har personalet i Harpefoss barnehage oppdatert seg på både kulturhistorie, førstehjelp og kokkekunst.  

Dale-Gudbrands gard - Klikk for stort bilde Førstehjelpskurs 1 - Klikk for stort bilde Førstehjelpskurs 2 - Klikk for stort bilde

 

 

 

 

 

På planleggingsdagen i august var vi på Dale-Gudbrands gard på Hundorp der Hildegunn Ruset (arkeolog og historieforteljar) gav oss meir kunnskap om kven Dale-Gudbrand var og det som hende på garden i 1021.  I 1021 kom kong Olav (seinare Olav den heilage) for å overtyde folka i Gudbrandsdalen om at dei måtte tru på Kvitekrist (Jesus). Vi lærte blant anna at Dale-Gudbrand var veldig rik. Ikkje fordi han hadde så mykje pengar, men fordi han hadde ting og kunne ting som andre trong. For eksempel solgte han elgskinn til andre land i Europa og lærte seg å vinne ut jern, noko som var svært ettertrakta. 

Det første personalmøte brukte vi til å oppdatere førstehjelpskunnskapene våre. Der fekk vi besøk av Gunnar Vestad frå Frisk HMS som lærte oss om førstehjelp på små barn og på vaksne. Dette er viktig kunnskap som vi oppdaterer fast annakvart år. 

I tillegg har alle fagarbeidere og assistentar vore i Lom på Norsk Smaksskule. Dette er eit kurs over to dagar der tilsette i skule og barnehage får kunnskap om korleis ein kan jobbe med smak, mat og råvarer med barna. Om de er interessert kan de lese meir på http://kulturarv.no/norsk-smaksskule

Publisert av Liv Randi Sundhagen. Sist endret 12.09.2019 08.28
Fant du det du lette etter?