Kva skjer hos oss?

Her vil vi leggje ut nyheiter frå vår kvardag i Liene barnehage 

Publisert 25.03.2019

 

12. mars markerte Liene barnehage «Barnehagedagen».Det er ei årleg markering der ein kan synleggjere barnehagen sine aktiviteter og mangfald. I år var tema "Eg lurer på...". Det handlar om barn sin nysgjerrigheit. Ved å undre seg, spørje og utforske lærer barna om verda rundt seg. Noko av aktivitetane avdelingane hadde: smaka på forskjellige matvarer utan å sjå, undra seg over kroppen og korleis den fungerer, tok snø inn og utforska den, leik med såpebobler og måla med hend og føter. Liene barnehage har lånt ei rugemaskin og ei avdeling teikna korleis dei trur kyllingane kjem til å sjå ut når dei klekkast i starten av april.

Publisert 13.03.2019

5. og 6. februar hadde en av våre dyktige medarbeidere i Liene barnehage, Tone Morken, fagprøve i barne-og ungdomsarbeider.

Tone hadde forberedt seg sjølv godt og avdelinga til fagprøva. Og hun var klar til å få oppgaven sin når sensorene kom tirsdagen.

 

Publisert 12.02.2019

Skulane har innskriving for dei som skal starte på skulen hausten 2019, fredag 15. februar kl. 09.30 – 11.30.

Barn som er født i 2013 og barn som har fått utsett skulestart, skal skrivast inn på den skulen som ligg nærast bustaden til barnet.

Dei som ikkje kan møte, sender skriftleg melding med personalia til skule innan 15. februar 2019.

Spørsmål kan rettast til:

Rektor Anne R. Almehagen, Midtbygda skule, tlf. 61 29 93 20/48 09 20 32

Rektor Monika L. Solberg, Harpefoss skule, tlf. 61 29 93 40/45 61 82 38

 

Publisert 19.04.2018

Barnehagane i Sør-Fron arbeider med mange spennande tema gjennom året. Akkurat nå har avdeling Kvitberget på Harpefoss eventyr som tema og har laga utstilling med dei tre små grisane. I Liene barnehage har avdeling Toppen eit prosjekt om edderkoppar og marihøner.

Publisert 18.04.2018

Avdeling Kroken i Liene barnehage vil seie tusen takk til Saniteten for fine hjelmer. Nå kan alle sykle våren og sommaren trygt i møte! 

Publisert 05.03.2018

Barnehagane og skulane i Sør-Fron deltek for tida i utviklingsprosjektet «Inkluderande barnehage og skulemiljø», som er ei nasjonal satsing frå utdanningsdirektoratet. Barnehage/ skule og heim er viktige samarbeidspartnarar både når det gjeld førebygging og avdekking av krenkingar og mobbing. I den forbindelse arrangeres det foreldremøte:

Måndag 9. april kl. 19 – 20.30

Det vil bli servert kaffi og kringle i forkant av foredraget, ca. kl. 18.30. Vel møtt!

Kulturhuset på Sør-Fron ungdomsskule

Tema: Foredrag med Ingrid Grimsmo Jørgensen

Førebygging og handtering av krenkingar og mobbing – vaksenrolla og samarbeidet mellom heim – barnehage/ skule.

Ingrid G. Jørgensen er utdanna pedagog og arbeider ved høgskulen i Innlandet. Ho er ein lokal foredragshaldar med stort engasjement og kunnskap kring tema som omhandlar barn si utvikling og læring, konflikthandtering og mobbing.  

Her finner du invitasjon med svarslipp (PDF, 113 kB)

Publisert 22.02.2018

Måndag 19. februar hadde vi solfest og OL i Liene barnehage. Sola titta fram ei stund og vi avslutta med grilling.

Publisert 17.01.2018

Skulane har innskriving for dei som skal starte på skulen hausten 2018, fredag 16. februar kl 09.30-11.30.

Barn som er født i 2012 og barn som har fått utsett skulestart, skal skrivast inn på den skulen som ligg nærast bustaden til barnet.

Dei som ikkje kan møte, sender skriftleg melding med personalia til skulen innan 16. februar 2018.

Spørsmål kan rettast til:

Rektor Anne R. Almehagen, Midtbygda skule, tlf.nr. 61 29 93 20

Rektor Monika L. Solberg, Harpefoss skule, tlf.nr. 61 29 93 40

 

Publisert 23.11.2017

Tysdag 14. november var det hjertevenndag i barnehagen. Barna kunne invitere med seg besteforeldre, foreldre, tanter, onkler og andre som er nære.  

Publisert 19.10.2017

I løpet av helga frå 13.-15. oktober har det igjen vore begått hærverk i Liene barnehage.