Bispevisitas i Liene barnehage

 

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon.

Torsdag 18.november fekk to avdelingar i Liene barnehage besøk av biskop Solveig Fiske. I tillegg til biskopen fekk vi besøk av prost Tor Even, rådgjevar Jon Arne, sogneprest Kristinn og kirkeverge Kristian. I forkant av besøket hadde avdelingane budd seg på å framføre songar til besøket. Solveig lærte barn og vaksne eit par songar også. Avdeling Kroken hadde i tillegg budd seg på nokre spørsmål til biskopen. Dei lurte mellom anna på om Solveig kunne ta salto, kva ho likte å eta, kva farge huset hennar hadde og kva ein biskop eigentleg gjer. Begge avdelingane fekk gave og det var ei julekule med motiv av Sør-Fron kyrkje. Både store og små i Liene synast det var hyggeleg med besøk. Vi trur også biskopen sette pris på å komme til oss.