Brannvernveke i Liene barnehage

I veke 38 er det brannvern veke over heile landet. Dette markerte vi også i Liene barnehage.  

Klikk for stort bildeKlikk for stort bildeKlikk for stort bilde

 

 

 

 

 

 

 

Tysdag 17.september var vi så heldige at vi fekk besøk av Midt- Gudbrandsdal Brannvesen, representert ved Robert Stakston, Lars Erik Solbakken, Håvard Haugen og  Tor Engum.  Barna fekk sitte inne i bilen, sjå på utstyret, prøve hjelmar og gassmasker. Dei som ville fekk også prøve å spyle med vann.

Tolmodige menn fekk mange spørsmål frå barna og dei svarte med iver og glede! I slutten av veka blir det delt ut hjelmar til dei eldste barna som vi fekk av dei. Tusen takk for ein super dag, dette sette vi stor pris på!