Elg i barnehagen

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon.

Tysdag 24.januar oppdaga vi ein elg som låg på andre sida av gjerdet i barnehagen. Elgen virka skada og vi ringde til viltnemda. Viltnemda måtte dessverre avlive elgen da den var skada. Barna på avdeling Kroken fekk gå å sjå elgen etter den var død og dei følgde med da han blei frakta bort.

Dei aller fleste syntest dette var spennande, mens andre opplevde det som skummelt. Etter hendinga har det vore mange spørsmål og mykje undring og elg blei eit naturleg tema i samlingar og formingsaktivitetar.