Førskulebarna i Liene og vaktmeister Michal har hatt dugnad
Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon.
Tysdag 20.september hadde førskulebarna i Liene dugnad saman med vaktmeister Michal. Barnehagen er så heldige at vi får låne eit området av Finn Haadem og Helen Svelle som ikkje ligg så langt frå barnehagen. På området hadde det grodd skikkeleg att med tre, busker og kratt. Michal hadde med seg ryddesag og kantklippar. Barna rydda til den store gullmedalje. Først fylte dei ein diger presenning før den vart dratt ned til vegen for vidare frakt. Dette gjorde dei fleire gonger. Flinke og ivrige barn jobba heilt til dei tok ein velfortjent lunsj. Etter lunsj hadde dei ei økt til før dei gjekk attende til barnehagen. Humøret var på topp og fleire hadde uttalt at dette var gøy. Tusen takk for hjelpa til vaktmeisteren vår!
Publisert av Mette Gjefsen
Sist endret 21.09.2022 09.52