Hærverk i Liene barnehage

I løpet av helga frå 13.-15. oktober har det igjen vore begått hærverk i Liene barnehage.

Etter fleire tilfelle av hærverk det siste året valgte Liene barnehage å ta kontakt med Dølen. Dei skreiv ei sak om dette i byrjinga av september og ansatte i barnehagen håpa at hærverka ville ta slutt. 

I helga skjedde det likevel igjen. Fleire av plankane i rekkverket til eit leikehus var sparka av og knekt. Dette kostar tid og pengar å reparere, men verst er det at det går utover sikkerheita til barna. Heldigvis har vi flotte ansatte som følgjer godt med og oppdaga skadene raskt slik at huset var avstengd.

Vi ber alle som ferdes i området rundt Liene barnehage på kvelder og i helger om å vere litt ekstra årvåkne. Ikkje nøl med å meld i frå om de ser noko utanom det vanlege.

hærverk 2 - Klikk for stort bilde hærverk  - Klikk for stort bilde

Publisert av Liv Randi Sundhagen. Sist endret 19.10.2017 08.05
Fant du det du lette etter?