Innskriving av nye elevar for skuleåret 2020/2021

Klikk for stort bildeSkulane har innskriving for dei som skal starte på skulen hausten 2020, fredag 14. februar kl. 09.30 – 11.00. Barn som er født 2014 og barn som har fått utsett skulestart, skal skrivast inn på den skulen som ligg nærast bustaden til barnet.

Dei som ikkje kan møte, sender skriftleg melding med personalia til skule innan 14. februar 2020.
 
Spørsmål kan rettast til:
  • Rektor Anne R. Almehagen, Midtbygda skule, tlf. 61 29 93 20/48 09 20 32
  • Rektor Monika L. Solberg, Harpefoss skule, tlf. 61 29 93 40/45 61 82 38