Skiveke på Gålå for skulestartere

Klikk for stort bilde

 

I veke 6 var førskulebarna i Liene barnehage på skiveke på Gålå Alpin. 

Klikk for stort bilde

23 spente barn og vaksne flytta inn på skikafeen måndag morgon, med utstyr og mat for ei heil veke.

Vi fekk alle fritt disponere alpinutstyr og heiskort. I skiutleia fekk vi god hjelp til å finne tilpassa utstyr til alle barna, og hjelp til «av- og påkledning» alle dagane.  

Allerede i løpet av fyste dagen hadde alle prøvd seg i Knertenbakken, enten ved hjelp av transportbandet eller skålheisen. Og mestringsfølelsen var stor!

I skiheisen var heisvertene både blide og svært hjelpsomme.

Fleire av dagane åt vi lunsj inne i kafeen. Damene i kafeen varmet mat og var ellers behjelpelige med måltidene.

Når vi ikkje var i slalombakken gjekk vi på skitur, leika og aka i det fine uteområde.   

Vi er veldig glade og takknemmelige for denne mogelegheiten, og kjem gjerne tilbake ved ein seinare anledning.

Denne veka hadde ikkje latt seg gjennomføre uten postitive foreldre som fekk levert og henta på Gålå, god hjelp av dei foreldra som hadde moglegheit til å være med oss, samt gjestfriheten til Camilla og alle dei andre på Gålå Alpin

 Klikk for stort bildeKlikk for stort bildeKlikk for stort bilde