SOL-fest (Solfest og OL i eitt)!

Måndag 19. februar hadde vi solfest og OL i Liene barnehage. Sola titta fram ei stund og vi avslutta med grilling.

Barna kunne delta i fleire ulike aktiviteter, blant anna skiskyting, langrenn, hopp, erteposekasting og aking. Festen starta med at dei vaksne på Svingen hadde skodespel der sola og vinden konkurrerte om kven som fekk av jakka til ein mann som var ute å gjekk tur. Vinden bles og bles, men jakka vart berre trekt enda tettare på. Men då sola byrja å skine vart det varmt og mannen måtte ta av jakka.

På førehand hadde nokre av barna laga flagg frå landa som er representert i barnehagen og solpynt.

Etter dei olympiske leikane grilla vi pølser og fiskekaker og dagen vart avslutta med medaljeseremoni på kvar avdeling.

Tante Mø - Klikk for stort bilde

 

Solfest og OL - Klikk for stort bilde

Skøyteløper - Klikk for stort bilde

Skileik - Klikk for stort bilde

Medalje - Klikk for stort bilde

Litauisk flagg - Klikk for stort bilde

 

 

 

Vi fekk besøk av Tante Mø på festen, ho hadde pynta seg med flagg. Opprinnlig var det Mamma Mø som skulle delta på OL, men eitt barn gjorde oss vaksne merksame på at Mamma Mø var brun. Det var difor Tante Mø som deltok på SOL-festen.

Publisert av Liv Randi Sundhagen. Sist endret 22.02.2018 13.32
Fant du det du lette etter?