SFO – Skulefritidsordning.

SFO er organisert både på Harpefoss- og Midtbygda skule.
Opningstida er kl. 06:45. SFO er open til kl. 16:30 om ettermiddagen.
Om morgonen må elevane ha med seg matpakke. Dei får drikke på SFO.
Om ettermiddagen får dei servert eit måltid rett etter skuletid. 

Onsdagar er det heildagstilbod, som dette året er lagt til Midtbygda skule for begge skulane. SFO er da open frå kl. 06:45-16:30.
Elevane må også da ha med seg matpakke til frukost. I tillegg får dei eitt måltid midt på dagen og eitt om ettermiddagen.
Elevane er ute og leikar kvar dag i løpet av SFO-tida.  Det er viktig at dei har med klede som passar til all slags vèr.

Publisert av Henriette Haugli. Sist endret 09.08.2016 13.46
Fant du det du lette etter?