Innskriving av nye elevar for skuleåret 2019/2020

Klikk for stort bilde

Skulane har innskriving for dei som skal starte på skulen hausten 2019, fredag 15. februar kl. 09.30 – 11.30.

Barn som er født i 2013 og barn som har fått utsett skulestart, skal skrivast inn på den skulen som ligg nærast bustaden til barnet.

Dei som ikkje kan møte, sender skriftleg melding med personalia til skule innan 15. februar 2019.

Spørsmål kan rettast til:

Rektor Anne R. Almehagen, Midtbygda skule, tlf. 61 29 93 20/48 09 20 32

Rektor Monika L. Solberg, Harpefoss skule, tlf. 61 29 93 40/45 61 82 38