Kokkekamp i Vågå 13. september

Sør-Fron ungdomsskule Sør-Fron Ungdomsskule var ein av fire skular i Innlandet som gjekk vidare til kokkekampen.

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon.

Prosjektet, som er i regi av Norsk Smaksskule, heiter "Ungdommens matfat i Innlandet", og skal blant anna munne ut i ei bileteutstilling på Maihaugen i oktober.

I vår sendte skulane inn tekst og bilete av sjølvvald arbeid kring temaet matkultur. Fokus på berekraft og identitet var og sentralt. Vi vinkla prosjektet mot retten kål, og elevane fekk i oppgåve å finne ut om det fantes ulike variantar av kål, ved å intervjue eldre folk i bygda. Fruktdessertar var og ein del av prosjektet vårt. 

Kålen vart servert i tallerkenar frå Sør-Fron Framhaldsskule. Elevane lagde eplegraut, rabarbrakompott og tilslørte bondepiker som døme på tradisjonsrike dessertar. Eit dommerpanel på fire vurderte smakene og prosjekta. 

Laget frå Sør-Fron Ungdomsskule var Eline Wassrud, Linn Falkenhaug, Kama Regina Isene Aanekre og Magnhild Kjersem Rustad.

Sigeren gjekk til laget frå Vang i Valdres, men det var uansett ein siger å komme vidare til finala.