Arbeidet med ny skulestruktur er i gang

Klikk for stort bildeSør-Fron kommunestyre fatta den 20.02.2020 vedtak om å starte opp og gjennomføre eit arbeid som skal resultere i forslag til ein heilhetleg plan for ny skulestruktur i kommunen. Arbeidet er forankra i eit breidt samansett utval for å gi kommunestyret eit best mogleg beslutningsgrunnlag.   

Klikk for stort bildeSkulebruksplanutvalet på befaring: Framme frå venstre: Amund Rudi, Rune Fromreide Sommer, Svein Sletten. Bak frå venstre: Tori Virik Nøvik, Hanne Monshaugen, Eva Sissel Nyhus, Viktorija Luksiene, Trond Sønsteli, Svein Ove Ånsløkken, Anders S. Breiseth (vara for Kristin Vold Lexander). Karoline Kluften og Emil Peter Rolstad var ikkje til stades.

Intensjonen er å tilpasse skulestrukturen i kommunen til framtidig grunnutdanningsbehov ut frå elevtal, læring, trivsel og økonomi.

Sør-Fron kommune skal ha ein skulestruktur som er berekraftig og framtidsretta både når det gjeld drift og innhald.

Formannskapet har engasjert eit eksternt konsulentselskap, RIK arkitektur/WSP Norge AS, til å utarbeide ein skulebruksplan. Arbeidet skal resultere i ein ferdig skulebruksplan innan utgangen av 2020.
Konsulentselskapet skal, med bakgrunn i nasjonale rammer for skulebygg, rammene set av kommunestyret og informasjonen som er innhenta gjennom mellom anna skulebruksplanutvalet, foreslå ny skulestruktur i kommunen. Den endelege skulebruksplanen skal fremjast for kommunestyret som gjer vedtak.

Utvalets mandat

Sør-Fron kommunestyre beslutta å forankre arbeidet i eit breidt samansett utval. 

Skulebruksplanutvalet skal følge opp arbeidet med skulebruksplanen og sikre politisk styring og brukerinvolvering. Arbeidet med skulebruksplanen skal ta utgangspunkt i kommunens økonomiske rammer og elevtalet i åra framover, samstundes som trivsel og læring skal vektleggjast. Utvalet har ikkje beslutningsmyndigheit, men skal vere eit rådgjevande organ.

Utvalet består av politisk representasjon (éin frå kvart parti i kommunestyret), rådmann, ungdomsrepresentant, lærarrepresentant, tillitsvald og foreldrerepresentant.

Utvalet har fått namnet skulebruksplanutvalet, og har denne samansetjinga:

Utvalsmedlem

Rolle

Kontaktinformasjon

Rune Fromreide Sommer

Rådmann og utvalsleder

rune.fromreide.sommer@sor-fron.kommune.no

Tori Virik Nøvik

Pedagogisk rådgiver og utvalssekretær

tori@sor-fron.kommune.no

Emil Peter Rolstad

Sør-Fron ungdomsråd

rolstademil@outlook.com

Svein Sletten

Representant for undervisningspersonalet

Svein.Sletten@sor-fron.kommune.no

Karoline Kluften

HTV i Utdanningsforbundet Sør-Fron

Karoline.Kluften@sor-fron.kommune.no

Viktorija Luksiene

FAU Harpefoss skule

viktorija.luksiene@sel.
kommune.no

Svein Ove Ånsløkken

FAU Midtbygda skule

sveinans@gmail.com

Eva Sissel Nyhus

FAU Sør-Fron ungdomsskule

evany@live.no

Trond Sønsteli

Kommunestyrerepr. Ap

Trond.Sonsteli@sor-fron.kommune.no

Kristin Vold Lexander

Kommunestyrerepr. Sp

Kristin.Vold.Lexander@sor-fron.kommune.no

Amund Rudi

Kommunestyrerepr. H

amund@rudi.no

Hanne Monshaugen

Kommunestyrerepr. SFBY

hanne.monshaugen@sor-fron.kommune.no

 

Framdrift

Konsulentselskapet har vore på befaring på skulane og aktuell tomt på Flatmoen som kan vere eit alternativ. Dei har også fått «Statusrapport fra arbeidsgruppa som utreder framtidig skolestruktur i SFK». Rapporten inneheld informasjon om dagens skulestruktur med fokus på busetjing, driftskostnadar, arealar m.m.. Administrasjonen har bidrege med kart og annan informasjon i tillegg.

Skulebruksplanutvalet har hatt tre møter i vår. I det første møtet presenterte RIK arkitektur/WSP Norge AS seg sjølve, og sine tankar etter befaringa i mai. Dei viste også til «Vegkart for universelt utforma nærskule 2030» (retningsliner frå Bufdir) som må vektleggjast inn i arbeidet.

Vidare har utvalet hatt eit møte med gjennomgang av mandat og framdriftsplan for arbeidet. Her vart også Sør-Fron kommunes nye skule- og barnehageutviklingsprosjekt «Læring, trivsel og vekst i Sør-fron kommune – sats på barn og unge!» presentert. Utvalet har også hatt befaring på skulane og aktuelle tomter.

Utvalets mandat er å bistå konsulentselskapet med å innhente så brei informasjon som mogleg slik at dei har eit godt og nøytralt grunnlag for sine anbefalingar i den endelege  skulebruksplanen. Utvalet vil mellom anna bistå konsulentselskapet i å organisere møtene med involvering av interessegruppene i september/oktober.

De finn kontaktinformasjon på alle medlammane i tabellen over.

Framdriftsplan vidare:

Mai

Oppstart befaring på skular og aktuell tomt

Juni

Første møte med Skolebruksplanutvalet og RIK arkitektur/WSP Norge AS

September - oktober

Involvering av interessegrupper (elevar, tilsette, bygda, politikarar, andre).

Oktober

RIK arkitektur/WSP Norge AS  ferdigstillar utkast skulebruksplan

Oktober

RIK arkitektur/WSP Norge AS presenterar skulebruksplanen for skulebruksplanutvalet

Oktober

RIK arkitektur/WSP Norge AS ferdigstillar skulebruksplanen

Oktober - november

RIK arkitektur/WSP Norge AS presenterar skulebruksplanen for kommunsetyret