Ekstraordinær løyving til næringsfondet
Fylkesutvalet i Innlandet fylkeskommune har fordelt kr 65,6 mill. i ekstraordinære kommunale næringsfond. Sør-Fron kommune er tildelt kr. 1.594.620,-
Tildelinga frå kommunal- og næringsdepartementet er ein del av krisepakke 3 for 2020, som vart vedtatt av Stortinget 19. juni.
Midlane skal forvaltast i tråd med "Midlertidig forskrift om tilskot til kommunale næringsfond som følge av civid-19-utbruddet".
Kort om ordninga:
- Tilskotet kan gjevast til bedrifter eller andre næringsaktørar, unntaksvis til kommunen
- Tilskotet skal normalt ikkje overstige 50%, og aldri over 75%
- Støtta skal ikkje gå til drift eller til bedrifter i "økonomiske vansker"
- Midlane skal nyttast til bedriftsretta støtte og til andre næringsretta tiltak som kommunane meiner er viktige for å motverke negative verknadar av korona-viruset
- Betydninga av arbeidsplassar, verdiskapning og økonomisk aktivitet skal vektleggjast
- Tilskot skal vere i tråd med reglane for offentleg støtte
I vurderinga av søknadane om tilskot skal det leggjast vekt på:
- I kor stor grad tiltaket fremmer auka aktivitet, sysselsetting og verdiskaping basert på lokale utfordringar
- I kor stor grad bedriftsretta tiltak, tilskot til etablerarar og andre næringsretta tiltak kan motverke negative verknadar av Covid-19-utbrotet
- Kor raskt tiltaket kan settast i gong
Les heile tildelingsbrevet frå Innlandet fylkeskommune her. (PDF, 264 kB)
Søknadsskjemaet for Sør-Fron kommune vil bli tilgjengeleg på www.regionalforvaltning.no så snart det er mogleg, sannsynlegvis i midten av august.
Alle søknadar vil bli behandla politisk, uavhengig av storleik.
Ta gjerne kontakt med kommunen dersom du har spørsmål, postmottak@sor-fron.kommune.no.
Publisert av Bjørn Kjellsson Sletten
Sist endret 25.01.2023 08.02