Flagging og raud løpar når barnehageungane kjem attende

dscn0693.jpg22. april kan endeleg barnehageungane i Sør-Fron vende attende til barnehagen. Dei tilsette er klare - og gler seg til å møte barna att.  

Viktig melding frå Liene barnehage! Barnehagane i Sør-Fron opnar opp att 22. april

Liene barnehage gler seg stort til å få barna på plass att i barnehagen, og tilsette jobbar kvar dag nå for å imøtekomme alle tiltaka i rettleiaren til regjeringa. 

I ein annleis kvardag er vi opptatt av at barna skal få ein best mogleg start på barnehagekvardagen igjen, seier pedagogisk leiar i Liene barnehage, Karoline Kluften.

Les rettleiaren for barnehagane her.

Også på Harpefoss er dei klare for gjenopning. 

- I morgon blir det raud løpar, ballongar og flagging i Harpefoss Barnehage! Endeleg opnar barnehagen, og alle barna kan bli ønskt velkome attende etter mange veker heime, seier styrar Ragnhild Hauge Giverhaug.

Ein annleis, men trygg kvardag

Barnehagane har jobba knallhardt for å innfri retningslinene i «Veileder for smittevern i barnehager under covid-19 utbruddet 2020», og er straks i mål.

- Det blir heilt klart ein annleis kvardag for både store og små enn det vi er vant til, med mange nye rutinar som skal innarbeidast. Barna blir tatt imot av trygge vaksne, som verkelig har stått på for å førebu seg så godt dei kan – for å gjere dagane best mogleg for barna, seier Giverhaug.

Ho legg til at sjølv om kvardagen blir litt annleis, må vi hugse på at endringane er midlertidige

- Barna er det viktigaste og hovudfokuset ligg på dei og smittevern, seier ho. 

Det var nødvendig med en kalddusj under planlegginga!

I Liene er vaktmestrane er i full sving med å sette opp gjerder til kohortgruppene, og det er hengt ut krokar slik at barna skal ha med seg ut sin grøne kiwipose med alt dei treng gjennom dagen. Tilsette og barn slepp da å gå igjennom andre kohortområde og inn kvar gong ein treng solkrem, nye sokkar, ei jakke etc.

- Barna skal leverast og hentast utanfor inngangsdøra, så alle dørene har ringeklokke som skal brukast av foreldra, opplyser Karoline Kluften i Liene barnehage.

Nye rutinar for reinhald

Nokre av tiltaka rundt finmotoriske materialar innadørs er eigne koppar med perlar og fargeblyantar, sakser o.l. Men det finst individuelle forskjellar på kvar avdeling. Alle avdelingar har fordelt uteleiker seg i mellom, og leiker generelt skal vaskast kvar dag. Det er individuelle boksar til vassflaskane til barna slik at dei ikkje ligg oppå kvarandre.

Det blir bleieskift uten handklede å ligge på, slik at ein vasker matta for kvart barn som skal skiftast på. Avdelingane elles er rydda og det vil ikkje være like mye leker på kvart rom som før. Alt som er brukt skal vaskast etter endt dag.

Mykje uteaktivitet

Også på Harepfoss har dei delt inn uteområdet i soner, delt barna inn i kohortar med deira leikekameratar, gjort i stand leikekasser for både uteleik og inneleik – og reinhaldsboksar til kvar kohort.

- Vi kjem til å benytte oss av både sola og nærmiljøet rundt oss. Dette blir bra, nå gler vi oss til å komme i gang!, seier Ragnhild Hauge Giverhaug.

Også i Liene gler dei seg til å få ungane attende - og dei har ei viktig påminning:

- Vi kjem til å være mykje ute framover, på turar og bruke uteområda rundt oss. Vi gler oss til å sjå alle igjen. Og hugs: ALT BLIR BRA!, avsluttar Kluften.