17.00 Miniserie om korona i Sør-Fron
Sør-Fron kommune har laga ein miniserie om dei svært spesielle dagane i mars og april 2020. Gjennom fire episodar prøver vi å vise korleis vi som kommune har jobba med koronakrisa.
Sjå alle episodane her.
09.00 Koronavettreglar for friluftslivet
Miljødirektoratet og dei store friluftsorganisasjonane har gått saman om koronavettreglar for friluftslivet. Reglane skal hjelpe folk til å komme seg ut i naturen på ein trygg måte.
Vi veit at mange sørfrøningar er svært glade i å benytte seg av den vakre og tilgjengelege naturen vi har rundt oss - og
i juni opnar Stolpejakten opp att! Inntil vidare er det berre å komme seg ut på tur - men å følgje reglane!
Publisert av Bjørn Kjellsson Sletten
Sist endret 22.10.2020 17.43