Fredag 6. mars

Kl. 10.30 Status

Sør-Fron kommune følgjer situasjonen rundt coronaviruset tett. Vi følgjer våre planar, og set inn tiltak der det er nødvendig.

Sør-Fron kommune ønskjer å begrense besøk frå pårørande på Sørheim som følgje av situasjonen knytt til coronaviruset. Dette gjer vi av omsyn til brukarane på sjukeheimen, og dei tilsette, for å sikre at tilsette ikkje blir eksponert for eventuell smitte da dette kan føre til utfordringar med bemanning. Vi bed derfor om at besøkande tek kontakt med Sørheim før ein kjem på besøk.  

Aktiviteten ved skular, barnehagar og andre kommunale institusjonar held fram som vanleg. 

Status i Sør-Fron

Det er per 05.03.2020 eit lite antal personar i karantene i Sør-Fron.

Det er også sendt SMS til alle innbyggarar i kommunen med informasjon. 

Vi oppmodar elles til at våre innbyggarar held seg oppdatert om situasjonen gjennom informasjon på heimesida og Facebook-sida vår, og elles følgjer generelle råd frå nasjonale helsemyndigheiter.