Informasjon om koronatesting

Illustrasjonsbilde korona.pngHer finn du informasjon om testing for covid-19 i Sør-Fron kommune. 

Kven kan testast?    

Du kan bli testa dersom du

  • har akutt luftvegsinfeksjon eller andre symptom på covid-19
  • har vore utsett for smitte med covid-19, anten som nærkontakt eller etter reise i land eller område med høg forekomst dei siste 10 dagane
  • Andre grupper kan bli testa etter vurdering av lege. Ved test av personar som ikkje har symptom og ikkje er smitteeksponerte, må positiv test bekreftast av ny test.

Flytskjema.jpgSjå fullstendig liste over Folkehelseinstituttet sine testkriterium.

Dersom du har mistanke om at du kan ha covid-19 og ønskjer testing, kan du ringe Koronatelefonen på telefonnummer 480 75 383 - open kvardagar frå 08.00 - 12.00.

Testing

  • Når du tek kontakt med koronatelefonen vil du få beskjed om kor og når du skal møte opp for å få tatt testen.
  • Du treng ikkje ein henvisning frå legen for å få testa deg dersom du sjølv har mistanke om at du er smitta.
  • Det er gratis å teste seg.
  • Du er i karantene frå du bestiller testing inntil du får prøvesvar.

Du finn meir informasjon om testkriteria, melding og tolking av prøvesvar på fhi.no.

Testsvar

Negativt testsvar finn den som blir testa sjølv på helsenorge.no. Ved negativ test kan du gå attende på jobb/skole når du er i god allmenntilstand (det vil seie at du føler deg frisk og er feberfri), sjølv om du fortsatt har nokre symptom på luftvegsinfeksjon. 

Ved positivt testsvar blir du kontakta på telefon. Du vil da få vidare informasjon om isolering. 

Isolering 

Alle med symptoma som fører til testing for covid-19 skal isolerast inntil svaret ligg føre, og alle med bekrefta covid-19 held fram med isoleringa. Der mistanken er særleg stor, til dømes ei smittekontakt som utviklar symptom i oppfølgjingstida, kan det vera aktuelt med isolasjon utan testing.

Smitteoppsporing

Nærkontaktar av smitta skal sporast opp, informerast og følgjast opp, herunder i karantene for sume.

Alle med symptom på forkjølelse skal halde seg heime (unngå nærkontakt med andre) til ein er heilt frisk og 24 timar etterpå.

Helsepersonell og anna kritisk personell kan få test for å komme raskare nn i arbeid ved symptom på forkjølelse. Dette blir avklart av medarbeidarane på koronatelefonen (tlfnr 480 75 383), som kan henvise deg til testing. 

Nøkkelinformasjon

Legevakt

Telefon  116 117

_________________________________________________________

Informasjonstelefon Helsenorge

Telefon  23 32 70 00

_________________________________________________________

Kontaktperson for presse:

Ordførar Ole Tvete Muriteigen,
tlf. 911 08 725,
e-post: ole.tvete.muriteigen@sor-fron.kommune.no